Scroogled på norsk

2009-03-10

Eg har omsett novella Scroogled av Cory Doctorow til norsk. Ho stod på trykk i tidsskriftet Rødt! nr. 4/2008, og er sjølvsagt tilgjengeleg på nettet.

Bad Science om “datamining” etter terroristar

2009-03-02

Ben Goldacre på Bad Science (og i The Guardian) forklarar kvifor det er fånyttes å bruka “screening” for å avsløra terroristar: Uansett kor god test du lagar, så får du for mange falske positive.

Cory Doctorow skriv skjønnlitteratur om dette poenget, mellom anna i novella “Scroogled” og ungdomsromanen Little Brother.

Leik

2009-02-23

Frå Jokke

platecover

1. 321st Engineer Battalion (United States)
2. Supreme Court of the United States

Dette funkar utruleg bra. 321st spelar Shostakovich-kvartettar.

Oppdatert

2009-02-20

Eg er veldig pliktoppfyllande, og har oppdatert WordPress til siste utgåva. Dei sa eg skulle gjera det. Denne gongen var det litt meir vanskeleg enn det plar vera, men eg trur det var fordi eg var lat og slumsen.

Elles oppsøkjer eg framleis ikkje det fine kultur- og debattmøte-tilbodet som eksisterer i hovudstaden, til trass for at eg, etter å ha vorte medlem på Underskog, burde vera meir enn nok informert om det. Ikkje oppsøkjer eg kafélivet eller shoppingtilbodet, heller. Når eg tenkjer etter, har eg heller ikkje nytta meg av det fine friluftstilbodet Lillomarka, rett utanfor stoveglaset, representerer. Iallfall ikkje sidan denne snøen kom.

Lenkja i dag er vel filesharer.org.

Medlem av kultureliten

2009-01-22

I dag, om lag tre år etter alle andre, er eg endeleg medlem av Underskog. Herregud, kor eg har gremma meg over å vera ekskludert frå heile det urbane kultur-elitemiljøet. No kan eg stå med rak rygg att.

Dessutan får Obama framleis ha mobil. Eg hadde uroa meg litt over dette., og er no letta. Sjølv om eg trur at journalisten i Aftenposten har gløymt at både sendar og mottakar må syta for at kommunikasjonen er sikker.

Men det hadde vore ein god idé å kryptera innhaldet i telefonminnet, slik ein del operativsystem kan kryptera swap-partisjonen. Finst det normale telefonar som gjer det?

Vellukka politisk strategi

2008-12-15

I biografien om Jens Christian Hauge er det eit poeng Olav Njølstad verkeleg prøver å hamra inn: For leiinga i Milorg var noko av det viktigaste å gje nordmenn ei kjensle av å ha vore med på si eiga frigjering.

Heilt uavhengig av debatten om kva militær rolle motstandsrørsla eigentleg spelte, er det openbert at denne strategien var ekstremt vellukka. Det syner til dømes reaksjonane på kronikken Erling Fossen skreiv i Aftenposten 14.12.08.

Minnet

2008-12-12

Dagbladet har eit oppslag om Henry Molaison, ein mann som ikkje kunne hugsa meir enn 20 sekund.

Brått skjøna eg kvar inspirasjonen til filmen Memento kom frå. Så prøvde eg å tenkja på korleis ein kan skapa meining i livet utan minne. Dinest vart eg uendeleg trist.

Etterpå tenkte eg litt på filmen Total recall, og tenkte litt på at det fine er at vi kan konstruera minne om ting vi ikkje har opplevd, og at det er kultur. Så vart eg trist att.

Verkeleg Scroogled

2008-12-05

Cory Doctorow skreiv novella Scroogled om kva som kunne henda om Google misbrukte alt dei veit om deg. Novella har eit mildt drag av science fiction, men no har det kome ei bok som går gjennom kva Google eigentleg veit: Googling Security: How Much Does Google Know About You? av Greg Conti.

Som Cory Doctorow skriv i bokomtala:

I’ve given the subject of privacy and Internet use a lot of thought, but even so, Conti’s book opened my eyes to potential risks I’d never considered.

Jagarfly

2008-11-21

Dei som er overraska over at regjeringa vel amerikanske JSF framføre svenske JAS Gripen, skjønar jommen mindre av det politiske spelet enn eg gjer på gode dagar. For å skryta på meg enno meir intuisjon, kan eg melda at eg heller ikkje er særleg overraska over at Ap godtok tenestedirektivet eller over at SV ikkje ser nokon grunn til å gå ut av regjeringa.

Alle desse vedtaka var så openberre at eg ikkje ein gong greier å mobilisera indignasjon. Ikkje ein gong over at alt dette skjer dagen før fødselsdagen min. Så gamal er eg altså vorten!

Men, trass kynismen min: Eg er litt irritert over korleis regjeringa argumenterer.

Det er sjølvsagt umogleg for menigmann oss sivile å vurdera kva for fly som er “best”, eller for den del “gode nok”. Difor vart eg litt interessert då eg såg at Forsvarsdepartementet har lagt ut rapportar som syner at det amerikanske flyet er best.

Grundige studium av rapporten kan ikkje avsløra særleg mykje meir enn det en fine grafikken til VG kan: det alle meste av sjølve grunnlaget for å bestemma seg for JSF-flya er gradert, men det har tydelegvis noko med stealth-eigenskapar å gjera, og Econ går god for at alt er fint. Altså, regjeringa kan fortelja at Forsvaret seier at berre JSF er godt nok. Å kjøpa fly som ikkje var “gode nok” er jo direkte idiotisk når ein først skal bruka 150 milliardar på krigsmaskineri.

Men korleis kan ein diskutera, eller etterprøva, den vurderinga som eigentleg ligg til grunn? Kva om JSF ikkje vert produsert, slik nokon har åtvara mot? Er dei svenske flya gode nok då?

Er det mogleg å kjøpa dei russiske flya i staden? Kvifor ikkje?

Makteslaus og uinformert

2008-11-18

Eg har ikkje skrive noko om den nyvalde presidenten i USA her. Men eg tykte eit stykke frå NYTimes i dag var ganske artig: Lose the BlackBerry? Yes He Can, Maybe.

– God morgon, Barack. Eg har gode nyhende, og dårlege.
– Uff då. Kva er dei gode?
– Du vert president i USA.
– Du, det veit eg. Det var kjekt å vinna, men det spørst no kva eg kan få gjort, då. Eg er ikkje nett Chavez, heller, sjølv om eg måtte få folk til å tru det. Men kva er den dårlege?
– Presidentar får ikkje senda e-post.