Krigen
Det kjenst litt rart å skriva innlegg om andre verdskrig-spel no, når Israel har gått til verkeleg krig i mot Libanon og det er reell fare for at det i beste fall vert blodig, i verste fall at det eskalerer til full krig i meir enn berre Sør-Libanon. Når eg ser filmklyppa av tanks som rullar over TV-skjermen, av flyktningestraumen i Libanon eller av øydeleggingane som bombarderinga fører med seg, gjer det veldig vondt. Ein ting er å driva gerilljakrig mot ein okkupant, eller der ein har tilgang til frigjorte baseområde. Ein heilt annan ting er å stå imot moderne “shock and awe”-krigføring i felten, avskore frå forsyningslinjene.
Eg er likevel skeptisk til å koma med for mange analysar. Det er lettare å sjå på fortida, når det er klårare kva som er skilnaden på intensjon, utfall og konsekvens. Mani har nokre gode poeng, men dei dekkjer på langt nær alt: “Hvorfor er Hizbollah og Israel uvenner. Del II“. Nokre poeng til, stort sett plukka frå alt som svirrar rundt, og heller ikkje fullstendig.
1. Eg trur Hizbollah er svært svekte no. Bombinga og blokkaden av Libanon ser ut til å vera ganske effektiv, og det er vel sannsynleg av kommunikasjonen, forsyningane og manøvreringsrommet er monaleg redusert.
2. Israel må likevel inn på bakken dersom dei skal oppnå noko. Her vil dei vera militært overlegne og dei har erfaring med framrykking her. Hizbollah kjenner likvel terrenget best, og kan truleg påføra ein del tap.
3. Det som avgjer korleis stoda vert i etterkant, er kor vidt Hizbollah kan få til ein “standoff”: påføra Israel tap og unngå direkte konfrontasjonar. Dersom dei kan halda seg unna no når den israelske hæren kjem på “snarvisitt”, kan dei effektivt unngå å verta avvæpna når Israel dreg seg attende. Det er ingenting som tyder på at Israel har tenkt å verta ståande i Sør-Libanon særleg lenge.
Det kjem meir når eg har tenkt meir på dette.