Oppstigninga
Hei. Eg fann ut at eg hadde bruk for ein blogg, trass alt. Eg skal prøva å vera meir strukturert denne gongen enn førre gong. Du er hjarteleg velkomen til å følgja med her, jamvel om eg ikkje annonserer denne bloggen like heftig som eg gjorde med fadesen “Kva tenkjer Tarjei”. Gje meg gjerne ein kommentar dersom du tittar innom her ein gong i blant; det er kjekt å vita om eg skriv for kråkene eller ikkje.
Denne gongen skal eg prøva å vera litt meir fokusert. Eg skal skriva om faget mitt, historie, om krigsspel (eller “konfliktsimulering”, som ein kan kalla det) og om politikk. Personlege historier og nytt frå Skrivarloftet finn dei som er interesserte på Pratmakeriet. Denne gongen skal eg òg halda meg for god til å skriva om kul teknologi eg finn - anten er ikkje folk interesserte, elles registerer dei berre at eg er fleire månader bak “bleeding edge”.
Det var nok leiarteig for denne gongen, til arbeidet.
september 23rd, 2006 at 11:20
Hei! Friskt mot! - Har hatt ein sommar meir på reis enn vanleg for meg. Det gav så mange inntrykk, som eg gjerne vil ta vare på og fortelje om, men kjenner på eit dilemma: Krigshistorie er fascinerande, men skal ein velje den før den sivile historia (fredshistoria)?
september 23rd, 2006 at 17:39
Hei igjen! - Eg er ny i bloggverda og har enda ikkje lært så mykje om kva åtferd som høver seg. Men, altså, - friskt-mot-kommentaren min tok eg kopi av og la inn på min eigen logg, som eit reiregg.
Det som eg helst skulle ha gjort var å leggje inn ei varslingslenkje frå min logg, og det får eg no prøve om eg får til.
God laurdagskveld!
#;-)
september 23rd, 2006 at 18:31
Det er då på ingen måte feil å kommentera bloggen min, for å seia det slik. Eg kjem tilbake med kommentarar om krigs- og fredshistorie. God laurdagskveld til deg òg!