M’44: De-briefing

Eg fekk sjansen til å spela nokre runder Memoir ‘44 med Håvard her om dagen. Eg har alltid rekna han som ein hakket meir kompenent strategispelar enn meg, men eg hadde trass alt overtaket i form av at eg både kunne reglane og har spela ein del før. Som vanleg, tre runder vart følgd opp av fleire timar med analyse av styrkar og veikskapar i spelet.

1. Eg greidde å vinna “Pegasus Bridge”-scenariet med tyskarane, på andre forsøk. Tidlegare har eg rekna det som nesten umogleg. Eg må nok tilskriva korta ein god del av æra for sigeren, men resten kom av at eg valde openberre defensive trekk: eg freista ingen offensive operasjonar, men heldt meg i ro (eg fekk dessutan “Dig-in”-kortet, som gjev sandsekkar rundt fire troppar).

2. Sigerspoenga oppmodar om å gjera nokre urealistiske val for å vinna scenariet. Båe gongene eg vann, var me om lag jamne, men eg augna høvet til å ta fleire poeng på ei runde og satsa på å angripa med alt eg hadde, jamvel om det tydde at eg måtte forlata gode posisjonar.

3. Reglane seier faktisk at det ikkje er lov å leggja saman fleire forsvarsbonusar. Med andre ord er ikkje ein bunker på ein haug, saman med sandsekkar, nokon vits.

Dessutan kom me på ein regel for forsterkingar og omgrupperingar som kanskje kunne verka. Meir om det i neste post.

Leave a Reply