Twilight:2013
Eit av dei rollespela som fascinerte meg i si tid, var Twilight:2000, eit rollespel der spelarane var soldatar utan hær i eit post-apokalyptisk Europa. Heile spelet var gjennomført militaristisk, og kampreglane var så detaljerte som dei kunne vera før spelet vart eit taktisk “wargame” a la Advanced Squad Leader.
Slik måtte det gjerne vera, òg. Simuleringselementet, der kamp med moderne våpen vart simulert på ein tilsynelatande realistisk måte, passa fint i hop med bakgrunnen. Dersom rollepersonane er militære, er det meiningslaust å avgjera ei trefning med eitt enkelt terningkast. TW:2000 er eit spel der ein enkel spelmekanikk hadde drept bakgrunnen. Hah: Endeleg ein stad der regelsystem av typen “skriv opp tre ting du er flink til” ikkje er tilstrekkjeleg for “narrasjonen”.
Diverre såg det ut som om TW:2000 mista marknaden sin om lag samstundes som krigsspela gjorde det. Men no - lo and behold - ser det ut som om ei oppdatert utgåve er på veg, Twilight:2013. Utviklarane ser ut til å arbeida ganske grundig med å oppdatera bakgrunnshistoria (eit sentralt premiss for spelet er at verda er borten saman etter ei avgrensa atomkrig) og modernisera lista over våpen og utstyr (litt har då skjedd dei siste 20 åra, jamvel om det ikkje er mykje - norske soldatar har framleis AG3 som handvåpen). Spelet skal koma i 2007, ser det ut som.
Det ser òg ut som om dei planlegg eit heilt nytt regelsystem. Det kan vera bra, og det kan vera dårleg. På grunn av det eg nemner over, er det essensielt at eit militaristisk rollespel har “realistiske” reglar. Compendium of Modern Firearms gjekk kanskje litt langt, men poenget er likevel der. Eg har alltid tenkt på GURPS som eit godt alternativt regelsett, men det er vel liten sjanse for at det skjer.
Eg vonar at “93 Games Studio” let lina gå heilt ut, og kuttar ut den vanlege stilen med ei tjukk hovudbok og masse tynne småbøker i tillegg. Publiser alt saman i ein 4-ringsperm, slik ASL gjer! Om det ikkje er eit alternativ: Kvifor ikkje publisera TW:2013 i same forma som Oktober Forlag gav ut Militærskrifter i utvalg av Formann Mao? Kvifor må alle rollespelbøker koma i A4-format?
Kor som er: Om 93 Games faktisk greier å produsera TW:2000 3.0, er det ikkje direkte usannsynleg at eg kjem til å kjøpa spelet av reint nostalgiske årsaker.