last.fm
Magnus spurde kvifor eg sletta last.fm-profilen min. Godt spørsmål, sidan eg tidlegare hadde agitert heftig for at folk burde ta teknologien i bruk.
1. Våren 2006 var heile last.fm ganske elendig på grunn av ei større intern-omlegging av databasen deira. Dei tok ikkje mot nye tracks på nokon føreseieleg måte, og eg hadde kjensa av at listene mine vart noko underlege.
2. Sidan eg ikkje har iPod (etter at Shuffle-en min forsvann i Kairo), og eg faktisk høyrer på ein del musikk frå CD òg, synte last.fm-profilen berre kva eg høyrde på medan eg arbeidde ved datamaskina mi, og eg tenkte det gav eit rart bilete av kva eg høyrer på.
3. Eg er ein posør. Eg tok meg til tider i å høyra på musikk for å gjera listene mine “representative” for kva eg liker. Det kjendest litt dumt.
4. Sidan pkt. 1-3 hadde gjort listene mine så dårlege, valde eg å sletta profilen min i staden for å berre leggja han daud. Eg er ikkje framand for at eg kjem til å prøva last.fm att, for all del. Eg har stor sans for konseptet. Til no har ingen stole brukarnamnet “vagstol”.
februar 21st, 2007 at 13:11
[...] ei lang historie byrja eg å bruka last.fm i fjor haust. Dersom du ikkje les denne bloggen gjennom ein RSS-feed, kan [...]