Teknisk Revy, september 2006
Då eg starta på dette prosjektet, sette eg meg føre å ikkje skriva om teknologi og Web 2.0 og slikt. Eg gjer eit lite unnatak for det, og innfører no ei ny spalte, Teknisk revy. Ho kjem ikkje til å dukka opp meir enn ein gong i månaden. Denne gongen er tema Google, den nye datamaskina til Gudrun og fine programmar til OSX.
Det høyrest ut som gamalt nytt, men eg er framleis svært imponert over alt Google finn på. Denne månaden har eg bite meg merke i at dei har gjort det mogleg for folk å bruka Gmail som webmail for andre domene (mao: Alle gledene med Gmail utan adressa). Dessutan er Gmail komen på bokmål (du kan velja språk under “Settings”, “General”) — no ventar me berre på nynorskutgåva. Fyrsteplassen går likevel Google Reader, som heilt på tampen av september vart oppdatert til eit slikt nivå at eg har sagt farvel til NetNewsWire Lite. Dersom ein liker å lesa bloggar og nyhende med RSS, er Google Reader absolutt tingen.
Maskina til Gudrun
Gudrun kjøpte seg ny datamaskin denne månaden, med grunngjevinga at ho skulle gje den gamle til bror sin. Etter at summinga over dette dømet på syskenkjærleik og altruisme har lagt seg, men før tankane byrjar å bevega seg i retning Marcell Mauss, vil eg gjerne fortelja om kva eg tenkte då eg klargjorde vidunderet. Det var altså ein HP Pavillion dv6000, med ganske gode spesifikasjonar (ein sparar tydelegvis mykje på å velja AMD-prosessor i staden for Intel):
1. PCar er ikkje alltid stygt designa. Denne var faktisk rimeleg pen, utan for mange forstyrrande element og ganske lekker lakk-svart finish (rett nok berre på halve maskina). Eg liker sjølv det reine designet på MacBook betre, men eg tykkjer ikkje denne maskina såg ufyseleg ut. Den einaste innvendinga er har, er at tastatur-delen er ganske lett, slik at maskina vippar om ein opnar henne utan å halda tastaturet nede. Eit lite minuspoeng.
2. Ein ting som alltid har irritert meg med PCar, er at dei alltid er leverte med ein liten katalog med små ekstraprogram for å styra alle lure finessar og knappar. Det er mykje betre no. Det trådlause nettverkskortet verkar fint med WinXP, det innebygde kameraet fungerer og “media center”-programvaren (QuickPlay) ser ut til å verka ganske bra. Kort sagt, eg fekk kjensla av at maskina og programvaren var laga for å passa i lag.
3. Maskina er sjølvsagt lynkjapp samanlikna med min aldrande iBook G4, men eg vart overraska over at skilnaden ikkje var større. Det var ikkje slik at maskina mi kjendest som sirup etterpå. Den største skilnaden såg eg faktisk ved vising av PDF-filer, der det faktisk var mogleg å bla i dei slik ein ville bladd i ei papirbunke. Kanskje eg må venta eit års tid før eg kan oppgradera sjølv.
Summa summarum: Eg er sjølvsagt litt trist for at eg ikkje greidde overtyda Gudrun om at ho ville hatt større glede av ein MacBook, men på hi sida var ikkje HP-en noko dårleg kjøp, den heller.
Fine program for Mac
Firefox 2.0 RC1 er ute, denne gongen òg i nynorskutgåve. Sjampanjen ligg framleis på is, sidan det “RC1″ tyder Release Candidate 1, altså siste feilrettingsrunde før programmet endeleg er offisielt oppgradert. Eg har testa ut denne utgåva, og er positivt overraska. For det fyrste er grensesnittet under OSX mykje betre enn før (jamvel om det framleis er Carbon-basert, så Emacs-tastane verkar ikkje ut av boksen). For det andre verkar det meir responsivt, altså raskare. For det tredje er RSS-støtta forbetra, og kan td. setjast opp slik at RSS-feeden vert lagt til i Google Reader når du klikkar på ikonet i adresselinja. Stadig færre grunnar til å velja Camino eller Safari, altså.
Eit anna program som imponerer, er Xtorrent. Det er laga av David Watanabe, same mannen som stod bak LimeWire-klienten Acquisition. Det er den fyrste elegante BitTorrent-klienten eg har sett, og har eit brukargrensesnitt som liknar litt på gamaldagse P2P-program som LimeWire. Fyrst og fremst har det ein innebygt søkjefunksjon som let deg søkja etter .torrent-filer i programmet. Det er framleis i beta-utgåve, men absolutt noko eg tilrår å ta ein titt på.
Dette var Teknisk revy for september. Det vert ein månad til du høyrer meir frå oss.