iPhone
Då eg kom attende frå permisjon i starten av januar, var eit av nyhenda venta meg at Apple hadde lansert iPhone – eller i det minste vist fram ein prototyp. Telefonen er ikkje venta i Europa før slutten av 2007, så kanskje det er eit år til han er lett tilgjengeleg for norske forbrukarar. Det fyrste eg tenkte då eg såg presentasjonen, var «wow, ein slik må eg ha».
iPhone er altså ein kombinert iPod og GSM-mobiltelefon frå Apple som tilbyr eit fantastisk nytt brukargrensesnitt oppå ganske vanlege tekniske spesifikasjonar. Noko meir gidd eg ikkje skriva om sjølve telefonen – til og med VG har jo skrive om han. Det fyrste eg tenkte var at her har Apple greidd å blanda det beste frå «businesstelefonar» og «fritidstelefonar», pakka inn i pen design frå Apple.
Eg er ikkje så sikker lenger, etter å ha lese meg litt opp på stoda i mobilmarknaden generelt. Det er ikkje mangelen på 3G som uroar meg. Det er meir to punkt:
1. Er iPhone stor nok til å fungera som ein PDA? I mange tilfelle er det veldig overkill å dra med seg ei bærbar datamaskin – kan ein iPhone romma alt det eg treng å ta med meg?
2. Apple er flinke, men eg er litt usikker på kor godt fyrstegenerasjons-iPhone står seg mot modellar frå Nokia og Sony Ericsson som har mange år på baken. Det tek veldig mykje tid å finpussa eit brukargrensesnitt slik at det er behageleg – og av mobilleverandørar, er det stort sett berre Nokia der eg er veldig nøgd med OSet/grensesnittet. Eit så komplekst system som iPhone er vel vesentleg vanskelegare å gjera feilfritt? Dessutan: iPod-ar er greie fordi dei har så enkelt grensesnitt og få funksjonar. iPhone er snarare eit steg i motsett retning.
-
http://magnus.blogspot.com magnusbe
-
http://magnus.blogspot.com magnusbe
-
tarjei
-
Lars A.
-
tarjei
-
Lars A.
-
tarjei

