Om å styra seg
Då eg flytta til Oslo i 1999 for å sitja i sentralstyret i Norsk Målungdom, fekk eg eit råd eg alltid har hugsa på seinare. Eg visste det kom til å verta nokre travle år, men fekk litt mot då ein gamal sentralist viste fram Filofaxen sin og sa at “de får tid til fritid og hobbyar, berre de planlegg litt”.
Eg er sikker på at han hadde rett. Dersom ein hugsar på kva som må gjerast og når, er det lettare å få tid til meir, og akslene vert lettare fordi ein ikkje tenkjer på kva ein ikkje har gjort heile tida. Eg skal vedgå at eg har vore slapp med å strukturera livet mitt dei siste åra: eg har gløymt møter og tidsfrister, og lagt langsiktige oppgåver nedover samtidig som eg har kasta meg over “lette” oppgåver. No har eg tenkt at eg må meg meir orden. For å forsvara meg litt, det er ikkje eit nyårsløfte. Det er meir ei “dille” eg nett har fått.
Førebels har eg lese meg litt opp på nettet om konseptet “Getting Things Done“. Det høyrest ut som eit ekko frå jappetida på 1980-talet, men ho har allereie inspirert eit par gode idéar:
1. Ein kalender er eit godt hjelpemiddel, men berre til å skriva opp det eg absolutt må gjera (td. møte eg er nøydd til å vera på). Oppgåver som skal gjerast må eg styra på ein annan måte.
2. Det er lurt å ha ein “innboks” for å skriva ned alt eg hugsar på at må gjerast, utan å prioritera det eller analysera oppgåva der og då. Berre skriva det ned, slik at eg veit eg har det ute av hovudet mitt.
For å hjelpa meg, har eg to små Moleskine-bøker: Ei for kalenderen, ei for gjeremålslister. Dersom eg får nokre store innsikter, skal eg koma tilbake med meir.