Røvarspråk
Jokke prøver seg med nye skrivereglar.
Det må han vel gjera. Som Brage kommenterer, det er på linje med røvarspråk og ikkje noko som er verd å tenkja så mykje på. Av liknande “hacks” er eg meir fascinert av cockney rhyming slang, som vitnar om meir genuint ønskje om å leika med språket.
Viktigare: Eg hugsa brått at det som jamleg irriterer meg med både nynorsk og bokmål er at me har eit idiotisk system for å skilja mellom lange og korte vokalar. Om me for ein augneblink legg bort den delen av problemstellinga som handlar skiljet mellom sommar/sumar og hammar/hamar, vert lengda på ein vokal styrt av konsonantane som kjem etter i ordet.
I mange år har eg lurt på kvifor me ikkje kunne brukt dobbeltvokal for å markera lange vokalar, og enkeltvokal for å markera korte (med opning for at nokre korte kan uttalast som lange i visse målføre) — eller brukt eit teikn, td. overstrek, på dei lange vokalane.
Kan svaret vera at skiljet mellom korte og lange vokalar er svært uklårt på norsk?
januar 29th, 2007 at 18:28
Yeah. Jeg er sterk tilhenger av å markere lange vokaler.
Den enkleste måten å gjøre det på er å droppe å skrive lange vokaler. Da blir setningen jeg nettopp skrev sånn:
“Dn enklste måtn å gjøre det p r å drppe å skrve lnge vkalr”
Selv om dette umiddelbart ser litt sært ut ville ingen ha problemer med å lese det. Tro meg, jeg leser sånne tekster hver dag
Problemet her er selvsagt at norsk er så jævlig usystematisk at det faktisk går an å skrive setningen ovenfor på mange forskjellige måter. Det fins jo ikke engang skikkelige regler for når vokaler skal være lange og korte, helt uakseptabelt. Bare praksis. Som om det teller, lixom.