24-spelet

Då eg budde i Kairo, var det ein TV-kanal som køyrte “24-maraton”: To episodar kvar dag. Etter ein sesong oppdaga eg at det tok fullstendig kontroll over livet mitt å følgja med, så etter dess har eg ikkje sett på serien i det heile (sjølv ikkje i det meir moderate ein-time-i-veka tempoet som dei norske kanalane legg opp til).

Ein annan grunn til at eg slutta å sjå må, var at eg vart intellektuelt fornærma. Alt kunne løysast ved tortur, og torturen verka alltid, gjerne på nokre minutt. Etter kvart byrja eg å omtala 24 som “serien der Jack Bauer torturerer seg frå mistenkt til mistenkt”.

Uansett, eg kom over dette spelet. Ut frå dei same reglane kan ein sikkert laga liknande spel for andre dumme seriar òg.

(Eg byrjar å innsjå at eg kanskje burde døypa om Krigsspel-kategorien min til “spel”, eller noko).

Leave a Reply