TV-slaveri
Det er utruleg kor mykje fjernsyn ein får sett når ein er heime med eit lite barn. I vinter har eg faktisk følgt heile den norske serien “Kodenavn Hunter“. No, når siste episoden er slutt, tykkjer eg difor at det er på sin plass (les: legitimt) å kommentera serien.
Utgangspunktet mitt er at det (faktisk) er mogleg å skilja mellom gode og dårleg spaningsunderhaldning. Då eg las “Da Vinci-koden” i fjor, vart eg overraska over kor elendig boka var. Ikkje fordi ho var platt eller underhaldande - men rett og slett fordi det var utruleg dårleg utforma underhaldningslitteratur: Heile konstruksjonen av boka minna mest om eit gamaldags eventyrspel, der handlinga vart driven fram av scener som skulle løysast ein etter ein. Heilt motsett (dei tidlege) bøkene til Tom Clancy, som laga spaning på mange nivå samstundes. Det er klart at film og fjernsyn er stiller andre krav enn bøker, men eg vil hevda at same skiljet finst der.
Den norske referanseramma
Problemet med norsk krim er at han i stor grad har spegla oppfatninga vår av norsk kriminalitet. Eg vil hevda at den oppfatninga har vore ganske sosiologisk; brotsverk kjem av anten sosial naud eller psykiske defektar, og politifolk si oppgåve har snarare vore å gå inn i djupna av desse problema - og såleis skjøna samfunnet og individet. Det kan verta god krim av det - til dømes Sejer-seriane og den danske Forbrydelsen (eller ein del britiske krimseriar). Men det er lettare å laga spaning når politiet må stogga skurkar, personar som har “valt” å utføra brotverka. Difor er amerikansk krim gjerne god - det er noko USAnsk over å dela verda inn i dei gode og dei vonde. Det er grovt forenkla, men det gjer det lettare å laga ei god historie.
Dei siste åra har media arbeidd på spreng med å fortelja oss at det finst norsk kriminalitet med skurkar. Rana av Nokas, Postens brevsenter og Munch-maleria er, saman med ein del andre (og tilknytta) saker, vortne dekte i så mange spaltemillimeter at den jamne avislesaren har eit levande bilete av eit norsk kriminelt miljø med skurkar, ikkje berre stakkarslege sosialklientar (ingen av dei dømde i Nokas-saka har høgre utdanning etter det eg kan sjå, men det er det vel ingen som har kommentert). Referanseramma for kva som er norsk kriminalitet er utvida.
På nivå med 24?
Det vert ikkje god krim berre fordi me godtek ei meir “cinematisk” forklaring på kriminalitet. Det er framleis naudsynt med eit godt plot, god regi, gode rollepersonar, godt skodespel og bra produksjon. Ein kan trygt seia at Hunter innfridde på desse punkta, kanskje med unnatak av plottet - men det oppdaga eg ikkje før serien var slutt (meir om det seinare).
Det fyrste inntrykket mitt av “Hunter”, var at det minna om spaningsserien 24. Ane Dahl Torp var Jack Bauer (undercover), og Hunter var CTU. Eg skal ikkje dra samanlikninga for langt, for innhaldet var så pass ulikt. Men, det var noko med klippinga, lyset og lyden som minna. Eg kan ikkje nok om TV-regi til å seia kva det var; “godt, tett og hardt”, tenkte eg. Dessutan var Hunter stilig. Hovudpersonane såg bra ut, politikontora var elegante i glas og stål (og hadde stilige Mac-ar spreidde omkring). Både politiet og røvarane hadde tilgjenge til svarte SUVar (Ford Excursion er jo etter kvart sjølvaste ranomobilen) og bra utstyr.
Gode rollefigurar
Eg vil kalla rollefigurane for gode, ikkje realistiske. Med “gode” meiner eg at dei passa inn i plottet, slik at quirks hjå personane vart brukte til å driva historia framover. Når Frode Muller (Joner) drep Thomas Gudim, skjønar me kvifor han har vore framstelt som så uberekneleg. Skodespelarane skal òg ha ros for spelet - særleg tykkjer eg at Ane Dahl Torp var overtydande. Når John Erik Paulsen spør kva “Kikki” eigentleg heiter, er ho engsteleg nett så mykje og så lenge som trengst før det vert overtydeleg.
Middels plott
Det einaste som kanskje trekkjer ned, er plottet. Det var mange lause trådar og sub-plot som berre halvvegs var kopla til hovudplottet (som var: “Politiet prøver å finna ut kva skurkane skal, og stogga dei”). Det kjem kanskje av at plottet i seg sjølv var litt tynt, og kanskje av at handlinga skulle vera på seks timar. Nokre døme:
- Kva var eigentleg sambandet mellom frigjeringsaksjonen i fyrste episode og ranet i siste? Var det for berre å kopla politiet til røvarane, og gje Bjørn eit påskot for å vera personleg engasjert?
- Eg tykkjer at skurkane lot Gisela (Torp) sleppa for lett inn i den harde kjerna. Eg skjøna at det falske sporet om Ullersmo var eit triks for å avsløra henne (når Delta vart plassert der, var det openbert at ho hadde tysta), men det var då ein veldig kostbar måte å “klarera” ein medarbeidar? Dersom dei var så utrygge på henne, kvifor fekk ho vera med i det heile?
- Etter seks episodar, der to-tre av dei gjekk med til sub-plottet om den prostituerte (spela av Petronella Baker) som hadde forført broren til Bjørn og introduserte oss for eit mektig bakland av kriminelle advokatar, tykkjer eg at politiet gjorde for liten fangst til slutt. Ingen viktig bakmenn som vart tekne. Utvilsamt realistisk, men det hadde gjort historia betre om ein fekk fatt på litt fleire enn kroatiske fotsoldatar på slutten.
- Slutten: Snakk om å irritera sjåaren med eit totalt unyttig plott-element, og så bruka det til nesten ingenting etterpå!
Desse brestene i plottet, som eg fyrst tenkte på etter at rulleteksten var ferdig, gjer at “Hunter” berre får terningkast fem av meg. Eg vart dessutan litt uroleg då eg fann ut kvifor eg likte serien så godt, nemleg at han faktisk brukte den svart-kvite amerikanske forståinga av kriminalitet.