Open og fri programvare

Nokre unge kommunistar (føremonen med å nærma seg tredve er at ein kan omtala yngre personar som «unge») skreiv ein artikkel for nokre veker sidan om at open kjeldekode og datamaskiner gjer at framtida er fantastisk, dvs. konvergerer mot kommunisme.

Eg las artikkelen og tenkte at «nei, det er ikkje heilt rett», men eg kom meg aldri så langt at eg fekk skrive eit motinnlegg. Det har heldigvis Senter for Marxistiske og Matematiske Studium gjort. I ein lang og grundig artikkel tek dei føre seg kor godt «fri programvare» kan vera ein del av kapitalismen.

Me gler oss til del 2.

2 Responses to “Open og fri programvare”

  1. SMMSE Says:

    Fint du likte artikkelen. Del II er vonleg ikkje så langt unna.

    (Det hadde vore litt greiare å leggje igjen kommentarar her om ein ikkje måtte registrere seg som brukar.)

  2. tarjei Says:

    Openbert. Det er sjølvsagt for å unngå søppel-kommentarar, men eg er samd. Eg skal sjå om eg kan skru det av.

Leave a Reply