Sosial kapital

I dag kom eg over ei ganske artig sak i Dagbladet Magasinet (nettutgåva)

Det evige spørsmålet er altså kvifor økonomiane i dei nordiske landa går så bra. No har nokre danske forskarar (tilsynelatande er ingen av dei økonomar, kva konklusjonar me no skal dra av det) skrive ei bok der dei hevdar at den sosiale kapitalen, altså eit samleomgrep for kor velfungerande eit samfunn er, er ein viktig del av “ressursgrunnlaget” til ein økonomi.

- Summen av det ofte uformelle samarbeidet som daglig foregår på kryss og tvers mellom borgere, mellom borgere og velferdsstat, og som hviler på tillit og normer bygget opp gjennom en lang historie.

No er det vanskeleg å seia så mykje fornuftig etter berre å ha lese ein avisartikkel om ei populærvitskapleg bok (moral: du kan sikkert seia noko særleg etter å ha lese eit blogg-innlegg om ein avisartikkel om ei bok, heller), men eg lurer på kor mykje forklaringskraft dette har. Altså, kan ein slå saman ganske komplekse historiske føresetnader til ein “verdi” ein kallar “sosial kapital”?

Leave a Reply