Der fekk eg den
Nokre år tilbake var eg ein slik som fór rundt og beint folk i leggen dersom dei laga nettsider som ikkje var gyldig i høve til standarden. I dag kom eg på det, sikkert fordi eg var innom nokre sider som såg ekstremt ufancy ut (ikkje spør kvifor).
Eg køyrde denne sida gjennom XHTML-validatoren til W3C, og fekk 19 feil og 34 åtvaringar. Ein Drupal-installasjon eg sette opp på jobben nyss, gav 26 feil (mange av dei skal sikkert eg, og ikkje Drupal, ha skulda for). Det går tilbake med meg.