Frustrert (del II)
Takk vere ein hyggeleg medarbeidar på Humac i Oslo City, fekk eg stadfesta at problemet var straumforsyninga (”batterieliminator”). På eitt vis var det greit, for då er det ikkje tvingane naudsynt å kjøpa ny maskin.
Problemet er at det kostar 750 kr for ei ny straumforsyning. Eg tykkjer det er litt dyrt, eg. Særleg for ei maskin som bør bytast ut om eitt til to år, uansett.
For å vera ærleg, har eg nesten aldri opplevd at det er sjølve straumforsyninga som går sund. Det er visst ikkje eit uvanleg problem på Apple-maskiner, men utan måleverktøy og loddebolt er det litt vanskeleg å vera handyman - eg kan ikkje ein gong finna ut kvar problemet et. Denne sida har fine instruksjonar.
Clah Ohlsson sel fine batterieliminatorar, men det hjelper jo ikkje når desse ikkje har Apple-plugg.
Oppdatering: Eg beit i sureplet, og kjøpte ei flunkande ny 65W straumforsyning med Apple-logo. I bakhovudet snurra ideen om at eg kunne funne ei gamal, utgått PC-straumforsyning og lodda på Apple-pluggen. Så melde spørsmåla seg: (1) Kva vil “nesten rett” volt-styrke gjera med maskina mi?, (2) Kva skjer om eg koplar pluggen med feil polaritet?, og (3) Eg har ikkje loddebolt, og er ikkje særleg flink med lodding heller.
Enden på visa var at eg sa til meg sjølv:
Tarjei, sjølv om far din er ingeniør og bror din er ingeniør, tyder ikkje det at du har noko ingeniør-gen. Du er fyrst og fremst snart historikar, pratmakar og dessutan ganske flink med software. Kvifor valde du Apple i utgangspunktet? Var det ikkje fordi du ville ha ei maskin som berre verka?