Frustrert
Eg har eigentleg ingenting å vera sur for. Datamaskiner går sund. Fornuftige brukarar tek tryggingskopiar (ja, det har eg gjort). Dessutan, det speler ingen rolle kvar ein bruker maskina si frå. “The Network is the Computer”.
Alt dette er sant. Det er ingenting som er kritisk. Så lenge eg har ei maskin med Word og Endnote, kan eg arbeida med oppgåva mi (dei som lurer på kvifor eg ikkje bruker LaTeX til dette no, kan få ei lang forklaring). E-post kan eg lesa med Gmail, RSS-feeds kan eg følgja med på med Netvibes. Det er berre det at etter to og eit halvt år har datamaskina mi vorte eit veldig behageleg arbeidsmiljø, tilpassa meg. Kvar einaste vesle krik og krok av operativsystemet var tilpassa slik eg ville ha det. Rett nok, iBook-en min var gamal (to og eit halvt år), og treg (1.25GHz G4-prosessor). Likevel overraska ho meg ved å vera så utruleg stabil og rask i bruk. Dessutan var ho grensesnittet mitt til veldig mykje informasjon og arbeid.
I dag slutta ho nemleg å lada. Ho skjønar ikkje at eg har kopla til ein batteriladar, ein gong, så det er ikkje batteriet (det er eit halvår, og har funka heilt strålande). Eg vonar at det berre er ladaren, som rett nok har vore gjennom mykje. Dersom det er sjølve maskina, spyr eg. Eg har nullstilt PROM, NVRAM og PMU, så det må vera ein fysisk defekt, om det ikkje er ladaren som er gåen.
Det er uaktuelt å bruka tusenvis av kroner på “service” (for dette kan eg ikkje fiksa sjølv) når maskina er så gamal. Men, eg har rett og slett ikkje lyst å bruka pengar på ei ny maskin no, heller. Siste generasjon MacBook er veldig fine, men dei kostar 12 000 kr. Slike investeringar skal ein liksom ta når ein har planlagt det. Planane mine var at det kunne vera greitt å byta om eit års tid.
Snart skal eg reisa ut i skogen og leva av det eg kan fanga sjølv. Eg skal ta opp med resten av familien om me kanskje kan verta slik som dei viser på TV-serien Der ingen skulle tru …, og bu på eit nedlagt (av gode grunnar) småbruk utan straum, vatn og telefon.
juli 3rd, 2007 at 10:30
[...] nokre timar om dagen, tok knekken på batteriet, så det bytta eg. Det siste som skjedde, var at straumforsyninga rauk i mars. Då tykte eg at 750 kr var litt drøyt til ei så gamal maskin (nye MacBooks har ein annan [...]