LibraryThing

No har eg lagt inn nokre bøker i LibraryThing. Eg er framleis skeptisk, det skulle berre mangla, men eg har oppdaga ein kul ting med systemet: LT opererer med eit “verk” [work], som er ei samling av alle utgjevingar og omsetjingar av ei og same boka (på sikt har dei òg lova ein funksjon for å samla bøker som har fleire band).

Av negative ting kan eg nemna at grensesnittet framleis ber preg av å vera litt beta (og ikkje verka heilt godt i Opera). Dessutan er det rett og slett mykje styr å leggja inn bøker, særleg om ein er oppteken av å få registrert rett utgåve. Problema er særleg tydelege for norskspråklege bøker — dersom det hadde vore mogleg å søkja rett i BIBSYS, hadde mykje vore løyst.

Oppdatering: Den siste innvendinga mi er at eg gjerne skulle hatt fleire felt i kvart bibliografisk oppslag.

Leave a Reply