Mot stjernene
Ja. Ifølgje SSB er det 796 personar som har “Tarjei” som fyrste fornamn. Dersom ein søkjer på Google etter Tarjei, peikar det tiande (av over 410 000) treffet til meg. No må eg berre gje ut nokre bøker, så slår eg Tarjei Vesaas.
Oppdatering (2007-03-20): Det er godt at eg eigentleg ikkje ser på nettet som ei popularitetstevling. Då eg sjekka i dag, hadde ein viss Thomas Marco Blatt snike seg inn før meg, berre ved å vinna Tarjei Vesaas’ debutantpris. VG-oppslag er tydelegvis vegen å gå, men eg er ikkje sikker på om eg er klar for den vegen enno. Neste treff på meg (etter nr. 11) kjem langt nede på lista.