Tankekart

Då eg gjekk på gymnaset og skulle læra “studieteknikk” (det var berre eit pedagogisk omgrep eg hata meir, og det var “gruppearbeid”), var tankekart det heilt store. Eg trur aldri at eg laga eit einaste eitt.

Fyrst og fremst kom det seg av at eg ikkje skjøna poenget. Eg skjøna aldri om (i) meininga var at resultatet, altså det ferdige tankekartet, skulle presentera pensum i fortetta form, eller (ii) om det var prosessen med å laga tankekartet som skulle vera lærerikt. For meg trur eg rett og slett at tankekartet trefte feil nivå: Eg liker godt både “argumentasjonsrekkjer”, tidsliner og andre, meir avgrensa visualiseringar av informasjon.

Eg trur at tankekart har mykje sams med PowerPoint, munnleg framføring, gruppearbeid, gateteater, ClassFronter og strategidokument. Det er mogleg å føra “heimeside” (i åra 1996–2003) og “blog” (frå 2002–) på lista.

8 Responses to “Tankekart”

  1. magnusbe Says:

    Eg laga heller aldri tankekart. Utgangspunktet meiner eg var at ein skulle notera alt som hadde med emnet å gjera, ein slags individuell idémyldring. Problemet mitt var at eg umiddelbart sjalta vekk mange idear, og ikkje såg poenget med å relatera dei til noko i det heile teke.

    Prosessorientert skriving er likevel det eg hugsar med størst gru. Og problembasert læring.

    LØKO, derimot, det var moro.

  2. tarjei Says:

    Til tankekarta: brukt slik trur eg at dei kan ha noko føre seg. Det eine er sjølvsagt at ein du ikkje veit om ein idé er god eller dårleg før du har evaluert han, og for å evaluera, treng du heile biletet. Den andre grunnen er meir subtil: Det å skriva ned ein dårleg idé, gjer at du får han ut or hovudet.

    Den siste påstanden er sjølvsagt inspirert av GTD og David Allan, og eg veit at eg står i fare for å verta veldig metafysisk no: Eg trur det er litt slik at ein dårleg idé kan liggja latent i hovudet og “forgifta” andre idear.

    Men: kvifor er det slik at nesten alle eg kjenner, misliker dei pedagogiske trendane dei vert utsette for?

  3. magnusbe Says:

    Eg tenkte nett på det - kva er det som gjer at vi mislikte alt dei kasta mot oss?

    Kva hugsar eg som positive læringsopplevingar frå barne- og ungdomsskulen?
    A) at eg fekk lov til å skriva mattestykke med maya-tal, romartal etc
    B) at eg fekk lov til å laga mitt eige atlas over verda
    C) diskusjonane på engelsk i engelsktimane, der vi (eg?) praktiserte språket
    D) livssynstimane, der vi pugga kor ord og uttrykk i bibelen kjem frå, og norrøn mytologi på rams

    Og så LØKO, då.

    Eg hugsar ingen andre stilar enn dei eg fekk dårleg karakter, eller dårleg tilbakemelding på…

  4. magnusbe Says:

    FORRESTEN: særemnet i niande hugsar eg godt, då. Det har jo til og med vore på nn:WP

  5. tarjei Says:

    Eg hugsar òg særemna i åttande og niande klasse. Eg trur det var blant dei artigaste prosjekta eg hadde på skulen, og eg trur at eg jamt over la opp til mildt sagt ambisiøse prosjekt. I niandeklasse skreiv eg historia om den tyske invasjonen i Bergen med utgangspunkt i gamle minnetekstar som morfaren min hadde skrive ned.

    Livssynstimane hadde openbert potensial, men eg budde diverre i den kvardagskristelege delen av Noreg. Difor var det ikkje så mange som hadde livssyn, og alle klassetrinna vart slegne saman. Så der fekk ein samla alle ungane i dei to-tre ateist-familiane i Hagavik.

    Til saka: Kvifor slår pedagogiske eksperiment ofte feil? Eg trur at det delvis hadde med lærarane å gjera. Dei fekk heile tida direktiv om korleis dei skulle undervisa, med stadig nye metodar. Slik kom det inn eit metanivå i undervisinga. Ikkje berre skulle me læra stoffet, men me skulle læra det på den og den måten. På eitt eller anna vis.

  6. magnusbe Says:

    Eg meinte å skriva at vi lærte om ord og uttrykk i daglegtalen som kjem frå bibelen.

    Elles: har dei pedagogiske eksperimenta slege feil? Eg veit ikkje. Både eg og du ville nok klart oss gjennom skulen uansett.

  7. anonym Says:

    hei jeg prøver å få tane kart på pcen eller data men jeg vet ikke hvilken side jeg finner det på så jeg lurte på om en knne sakt hvilken side man kan laste ned tankekart på pc eller data for det er lettere veit du jeg håper noen kan si ifra hvis noen vet om en side man kan laste ned tankekart på data\ pc håper noen sier ifra dere kan kalle meg “anonym”

  8. tarjei Says:

    Hei, anonym.

    Eit søk på “mind mapping” og slikt på Google vil sikkert hjelpa deg betre enn eg kan (eller du kan byrja på Wikipedia om ‘Mind map’).

    Eg vil òg tilrå deg å tenkja gjennom om du verkeleg treng å gjera dette på datamaskina.

Leave a Reply