Tankekart
Då eg gjekk på gymnaset og skulle læra «studieteknikk» (det var berre eit pedagogisk omgrep eg hata meir, og det var «gruppearbeid»), var tankekart det heilt store. Eg trur aldri at eg laga eit einaste eitt.
Fyrst og fremst kom det seg av at eg ikkje skjøna poenget. Eg skjøna aldri om (i) meininga var at resultatet, altså det ferdige tankekartet, skulle presentera pensum i fortetta form, eller (ii) om det var prosessen med å laga tankekartet som skulle vera lærerikt. For meg trur eg rett og slett at tankekartet trefte feil nivå: Eg liker godt både «argumentasjonsrekkjer», tidsliner og andre, meir avgrensa visualiseringar av informasjon.
Eg trur at tankekart har mykje sams med PowerPoint, munnleg framføring, gruppearbeid, gateteater, ClassFronter og strategidokument. Det er mogleg å føra «heimeside» (i åra 1996–2003) og «blog» (frå 2002–) på lista.
-
http://magnus.blogspot.com magnusbe
-
tarjei
-
http://magnus.blogspot.com magnusbe
-
http://magnus.blogspot.com magnusbe
-
tarjei
-
http://magnus.blogspot.com magnusbe
-
http://anonymside anonym
-
tarjei

