FrP-koden
På måndag kjem FrP-koden av Magnus Marsdal ut, iallfall ifølgje forlaget. Denne veka har boka fått brei merksemd (sjå bokmelding).
Eg gler meg til å lesa boka. Det er ikkje så mykje fordi eg trur ho skal fortelja noko nytt (eg har inntrykk av at det er ei vidareføring av argument Marsdal har framført fleire gonger tidlegare), men fordi ei slik bok på sett og vis må innehalda eit slags program for venstresida. Det programmet kan gjerne vera implisitt, men ein analyse av Frp er interessant på grunn av spørsmålet «korleis kan me få Frp-veljarane til å lika oss i staden».
Det er iallfall vanskeleg å seia noko om boka før eg har lese henne. No har jo Frp-ordskiftet kome opp i Noregs Mållag òg, forresten. Dessutan kjem Magnus Marsdal på landsmøtet til Noregs Mållag for å snakka om Frp og distrikta, og det trur eg vert rasande festleg — eller, interessant, i det minste.
april 22nd, 2007 at 13:14
Boka ser interessant ut og eg gler meg til å lesa den når eg kjem heim. Men umiddelbart (frå bokmeldinga, altså) ser det ut som MM fell i dei same problema som til dømes Mimir. Fokuset på arbeiderklassen vert heilt norsk, heilt kvitt. Då kan man kanskje sjå attende til 50-tallet som gullåra i norsk arbeiderhistorie.
Men om me tek me innvandrarne og motkulturane endrer biletet seg. Eg meiner venstresida må ta utgangspunkt i dei rørslene i folket som står oss nærast. Det er ikkje Hans på Kløfta, det er Ali på Grønland. Eg er nysjerrig på om han i det heile tatt eksisterar i Marsdals fortelling om arbeiderklassen og FRP.
april 22nd, 2007 at 13:30
Ja, det same har slått meg. Dersom “Frp-analyse” fører til at ein finn ut at no er det fagrørsla som gjeld (jippi, det skjønar Martin Kolberg òg), så har me ikkje kome noko vidare. Spørsmålet er om fagrørsla eigentleg treng venstresida (dvs. lengre venstre enn SV) for å stilla progressive krav? Det trur eg ikkje naudsynleg at dei gjer.
Eg trur òg at eit viktig problem er at venstresida i utgangspunktet har eit “solidaritetsperspektiv” med innvandrarar, ikkje eit klasseperspektiv. Slik forsvinn dei ut or biletet vårt så snart dei er etablerte her i landet, og ikkje står i umiddelbar fare for å verta kasta ut.
Men eg vil venta til eg har lese boka før eg kan konkludera på dette.
april 22nd, 2007 at 13:37
Jepp. Men uansett konklusjonar, går det jo den vegen (høna sparker) når det gjeld linja til Raud Ungdom og liknande herlighetar. Men du, kan du ikkje skrive ein bokmelding til Frontlinjer? Plis?