Innsikta
No veit eg kvifor ein skal skriva ei hovudoppgåve før ein vert cand. philol.
Det er fordi nyutdanna historikarar skal vita at det ligg utruleg mykje smerte bak ei samanhengande framstilling på over hundre sider. Dei skal vita at det er tungt å syta for at ein ikkje motseier seg sjølv, får med alle relevante fakta og ikkje rotar seg bort.
Bookends er eit fint hjelpemiddel som held orden på referansane mine, og DevonTHINK er greitt til å systematisera store mengder kjeldeopplysningar, men det finst ikkje eit verktøy i verda som kan ta smerta vekk frå det å skriva.
(Det fine katalogiseringssystemet til DevonTHINK braut forresten saman i møte med norske samansette og bøyde ord, berre så det er sagt).
april 19th, 2007 at 16:18
Eg er glad i å skriva, men tror aldri eg har skrivi nokre lengre enn 20 sider. Tror på at du kan møte på nokre problem, ja….
men kjem det noko til meg frå deg snart eller? Eg er spent, veit du.