Tordenfuglen
Dei fleste veit det vel no, men Mozilla Thunderbird er altså ute i utgåve 2.0. Denne gongen på nynorsk òg, og det er jo ekstra stas.
Ålment sett er det slik at eg misliker dei fleste e-postprogram, men Thunderbird er det eg misliker minst. Det følgjer standardar, er rimeleg kjapt og taklar store e-postmapper (Apple Mail, til dømes, bryt nærast saman når det skal takla mapper med meir enn nokre tusen meldingar).
Akkurat som til Firefox er det ei rekkje programutvidingar ein kan installera. Eg greier meg med Enigmail, som legg til støtte for kryptering og signering med OpenPGP, og Nostalgy, som let meg flytta meldingar til mapper med eit par tastetrykk.
Den einaste som irriterer meg med Thunderbird 2.0 på Mac, er at det framleis har nokre quirks.
(1) det nyttar mykje Carbon-kode, noko som gjer at dei hendige tastebindingane frå Emacs (t.d. Ctrl-a/e for starten/slutten av linja) ikkje verkar (det gjer dei i Cocoa-program).
(2) Eg kan ikkje byta mellom opne vindauge med Eple+<, slik eg kan i andre program.
(3) Datoformatet er heilt avsindig, og eg får ikkje Thunderbird til å bruka formatet eg har definert for resten av OSX (ISO 8601).
Elles skreiv eg ein gong ei side om korleis eg har tilpassa TB. Mykje der er nyttig framleis. Men eg tør ikkje endra tastebindingane manuelt lenger, eg er redd det skal øydeleggja for noko, td. oppdateringar.