Å snakka saman

I avisa står det det at det snart berre er «vaksne som bruker e-post». Det gjorde at eg byrja å tenkja over kva elektroniske kommunikasjonsformer eg faktisk bruker.

Telefon [ein-til-ein]. Eg er ikkje den som likar best å snakka i telefonen. Det er det fleire grunnar til. Eg misliker lyden av mi eiga stemme, og eg misliker dei konstante avbrota telefonoppringingar fører til. Likevel har eg vorte flinkare til å hugsa på å ha med meg ein opplada mobiltelefon.

SMS [ein-til-ein]. For tre-fire år sidan var SMS verkeleg tingen, men eg har kjensla av at det er i ferd med å gå litt av moten? Eg får færre SMSar i dag enn eg gjorde for berre eitt år sidan. Kanskje det kjem av at mobiltelefonar byrjar å stø e-post og nettprat? Eller kanskje det kjem av at SMS er ganske tungvidt og begrensa?

E-post. [ein-til-ein, mange-til-mange, ein-til-mange] Sidan 1994, og eg reknar meg for ein rimeleg avansert brukar. Eg har fem-seks “aktive” adresser, som eg bruker i ulike samanhengar, og har eit ganske komplekst opplegg for å lesa e-posten min kor som helst.

Nettpart (chat, ilmeldingar, instant messaging). [ein-til-ein] Eg tok i bruk nettprat ganske motviljug. Fyrst og fremst misliker eg dei konstante avbrota, det at det sprett opp nokon som vil snakka med deg heile tida. Men no er eg tilgjengeleg både på MSN og GoogleTalk. IRC, mange-til-mange-nettprat, har eg nesten ikkje brukt.

USENET. Eg byrja faktisk å lesa Usenet samtidig som eg byrja å bruka e-post, og eg har vel skrive eit par hundre innlegg til saman. Usenet er mindre populært no enn for ti år sidan, men veldig artig å følgja med på: Dei som deltek er skriveføre, og verktøya for å lesa og skriva artiklar er gode. Men det tek rett og slett for mykje tid å følgja så mykje med at eg kan delta i diskusjonane. [mange-til-mange]

Webforum. Dette er den vonde tvillingbroren til Usenet, men dersom ein er interessert i eit litt smalt emne, er dette ofte den beste måten å koma i kontakt med andre som deler den interessa. Eg les ein del forum, alt etter kva som opptek meg, men eg er ikkje ein aktiv forumdebattant. [mange-til-mange].

Sosiale webforum. Eg har ikkje brukt Facebook eller MySpace.

Bloggar. Eg er overraska over meg sjølv, men eg liker faktisk bloggar no. Fyrst og fremst fordi RSS-protokollen gjer at eg kan lesa bloggar utan å gå inn på (stygge) nettsider, men bruka eit grensesnitt som minner om e-post. Eg bruker ein RSS-lesar som heiter NewsFire, men ein kan oppnå det same med diverse nettbaserte løysingar. Bloggar er lite eigna til diskusjon, men veleigna som talarstol.

Leave a Reply