Advanced Squad Leader (del 1)
Ei stor pakke frå Multi-man Publishing venta på meg i posten i går. Det var regelboka til Advanced Squad Leader (ASL), saman med modulane Beyond Valor og Yanks!. ASL er eit gamaldags strategibrettspel lagt til andre verdskrigen, og eg vil gå så langt som å seia at det er eitt av høgdepunkta blant slike spel (det finst mange høgdepunkt). Det pussige er kanskje at då Gudrun spurde kven eg tenkte å spela det med, svara eg heilt ærleg “meg sjølv”. Eg ventar eigentleg ikkje å finna nokon å spela det med. Men kanskje denne bloggen er staden å presentera galskapen? Eg kan jo byrja.
Typen spel
I terminologien er dette eit s.k. “hex-and-counter wargame”. Det tyder at speleflata er eit stilisert kart med eit sekskanta rutenett over (hexagonar), og spelebrikkene er små pappbrikker med påtrykt informasjon. For å få glede av spelet, må ein gjera som i rollespela - førestella seg at spelet representerer ei verkelegheit ein ikkje kan sjå, og som i andre brettspel - følgja eit ganske komplekst sett av reglar. I miniatyrspel (som Warhammer) får ein god hjelp av speleflata, for der er veike einingar er små og puslete medan sterke einingar ser store og tøffe ut. I ASL er denne skilnaden representert ved tal og bokstavar på spelebrikkar. Det er heller ikkje mogleg, som i meir abstrakte spel (td. Diplomacy) å gløyma at spelet er ein abstraksjon og konsentrera seg om å vinna abstraksjonen.
Emnet for spelet
ASL handlar om taktiske trefningar under andre verdskrigen.
Andre “hex-spel” frå perioden har ofte gigantiske kart og handlar om å vinna felttog eller store slag. I slike spel representerer brikkene divisjonar på tusenvis av soldatar og hundrevis av stridsvognar, og kvar tur i spelet er kanskje ei veke i “sanntid”. Det ein då simulerer, er dei strategiske utfordringane ved krigføring - forsyningar, forsvar i djupna og omslutnadsmanøvrar (Kesselschlacht). Til gjengjeld må dei abstrahera ganske mykje, og spela seier lite om kva som skjer når to slike store einingar møtest, berre kven som vinn.
ASL flytter det heile ned på taktisk nivå. Brikkene representerer einskildstridsvognar, lag av infanterisoldatar, einskilde underoffiserar osb. Ein hex på kartet representerer 50 meter, og kvar runde i spelet er to minutt. Dette er ikkje eit tilfeldig nivå, trur eg. Det som vert skildra er altså slag slik dei td. vert skildra TV-serien Band of Brothers. I eit strategisk spel kan du invadera Normandie, i eit taktisk spel kan du vinna Pegasus-brua.
Eit moderne spel, som Memoir ‘44, forenklar dette ganske mykje ved å ikkje spesifisera kor store einingar som slåst, kva tidsskala som gjeld eller kor stor ei hex-rute er. Det er absolutt ein mogleg innfallsvinkel; reglane er minimale og det er lett å setja seg ned for å spela. Ulempa er at det mest av alt vert eit spel, illusjonen av at det representerer ein “ekstern” røyndom forsvinn.
Kjensla av å opna spelet
Å opna opp øskjene frå MMP gav meg ei underleg kjensle av å fly attende i tid. Innhaldet var så spartansk: 200 sider reglar, som måtte holast og setjast inn i ein perm; om lag 2000 små papp-brikker som må pressast ut av utstansinga si og om lag ti kart. Brikkene i Yanks gav verkeleg kjensla av at dette er eit konsept som held på å gå av moten; då MMP tok over distribusjonen av ASL frå Avalon Hill i 1996, overtok dei restopplaget. Yanks-brikkene var altså prenta for over ti år sidan, og pappen hadde byrja å bøya seg svakt.
Brikkene er ei side av saka. Om ein har alle ASL-modulane, får ein nærare 10 000 brikker, og desse må organiserast slik at ein kan setja opp dei trefningen ein vil spela. No har eg altså berre om lag 2000, men eg har venta med å pressa dei ut til eg finn ut korleis eg skal organisera dei.
Reglane er ei anna side. ASL bruker eit lausarksystem, men diverre hadde dei ikkje fleire ringpermar på lager. Eg tinga difor reglane utan perm, noko som viste seg å vera litt dumt: Dei er sjølvsagt prenta etter amerikansk standard, altså letter-format og med tre hol i ryggen. Eg løyste dette midlertidig med å hola dei sjølv og setja dei inn i ein A4-perm, men dette er berre ei midlertidig løysing. Det som ser ut til å vera den glupe måten, er å kutta av arka slik at dei går inn i A4-arklommer, setja eitt ark i kvar lomme og setja lommene inn i ein perm. Dersom det hadde vore mogleg å få tak i “kontaktpapirlommer”, trur eg at det hadde vore best.
Eg er berre så vidt i starten på dette, og reknar med å halda fram skildringa av ASL utover sumaren.
mai 11th, 2007 at 14:14
Eg let meg invitera til å spela spel.
mai 12th, 2007 at 10:56
Det minner meg om at eg må sjå til å organisera noko meir speling. Men kanskje det er glupt å td. byrja med Memoir ‘44 heller enn ASL?
Eg føler sjølv at eg er langt unna å meistra reglane, og enno lengre unna å meistra dei så godt at eg kan forklara dei for andre.