Strøtankar: Tarjei Vågstøl

Syklus

with 4 comments

Openbert har eg ein blogg. Det er det mange andre kjenningar som har òg. Kva meir, eg har starta på mange bloggar. Gong etter gong har eg gått lei.

No ser eg at denne bloggen er på veg mot ein haust, den òg. Det er lenge sidan eg har skrive noko, og det er stadig lengre sidan eg har skrive noko som er verd å lesa. Eg fekk eit hugskot om at eg burde leggja bloggen ned, og erstatta han med ei statisk side. Eg skal ikkje gjera det. Det er ein del ting som er artige her, og eg føler eit visst andsvar for dei som har skrive kommentarar (dei beste kommentarane ligg på den gamle bloggen, men det er ein del fint her òg).

Så. Eg let denne bloggen berre liggja her litt, og så får eg sjå kva eg gjer med han etter kvart.

tarjei , 2007-05-07 02:28

Spalta Ålment

  • Lars A.

    Selv har jeg funnet ut at facebook fyller mange av de funksjonene en blogg har. men jeg går vel lei av facebook også….

  • tarjei

    Eg har fått med meg at Facebook er det heite no i vår; sjølv har eg ikkje registert meg enno. Sume trur kanskje at det er ein medviten boikott-kampanje og såleis eit forsøk på å vera kul. Tvert imot, seier eg, det er mange, og samansette, grunnar til at eg ikkje har registrert meg:

    1. Kvar ny nett-teneste et opp tida mi.

    2. Bloggar, forum og mykje anna (som LibraryThing og last.fm) let meg kopla meg opp mot andre folk på grunnlag av meiningar. Ikkje at eg har fått så mange nye «vener» gjennom desse tenestene, men hovudpoenget er iallfall å utveksla meiningar, røynsler og slikt.

    3. Facebook, derimot, let meg berre kopla meg opp mot vener eg allereie har – eller hadde. Bortsett frå eit par gamle vener eg ikkje har e-postadressa til og som ikkje dukkar opp på Google, har eg allereie det nettverket Facebook kan gje.

    4. Eg er litt skeptisk til Facebook av personvernomsyn, men eg har ikkje analysert desse problema på noko systematisk vis.

  • Lars A.

    Jeg ser to motargument:

    For de fleste, ikke alle, men de fleste, er grunnen til at man blogger at man vil «snakke med» venner og kjente, noen ukjente i blant. Det er svært få som har ambisjoner om å bli verdensberømte og enda færre som blir det.

    For det andre gir Facebook faktisk overraskende muligheter til å bli kjent med både folk du har mista kontakten med og folk du har felles interesser med. jeg er overrasket over hvor godt det faktisk funker.

    Ift det med personvernhenssyn – du kan jo regulere ganske mye sjøl.

    Men at det eter tida di… japp.

  • tarjei

    Du treng vel ikkje koma med motargument mot grunnane mine, vel? Men, lat gå:

    1.
    Dei bloggane eg les, kan eg grovt dela i to: anten er det vener og kjende som kommenterer stort og smått, eller så er det bloggar om emne som interesserer meg. Det tyder ikkje at desse «om saka»-bloggane ikkje er personlege. Til liks med tradisjonelle spaltistar har dei ofte ei personleg tilnærming til det dei tek opp.

    Erik Haugan skriv på bloggen sin:

    Dette er ein blogg om livet mitt, men ikkje om meg. Eg skriv om ting eg tenkjer på og er oppteken av, men ikkje om meg sjølv.

    Det tykkjer eg er ein god raison d’être for ein blog. Men eg liker folk som er opptekne av rare ting. Reine politiske kommentar-bloggar tykkjer eg ofte er keisame.

    2.
    Det er eit viktig poeng for mange: At Facebook er faktisk overraskande bra. Eg vert overraska over mange slike ting heile tida, til dømes Gmail, iTunes Music Store, torrents, det å handla på postordre over nettet, WordPress, LibraryThing, last.fm.

    «Jeg er overrasket over hvor godt det faktisk funker», skriv du. Den setninga har eg høyrd ti-tjue gonger om Facebook. Samtidig registrerer eg at fleire og fleire registrerer nettverka sine på Facebook. Det siste no er at barselgruppa Gudrun har vore med i, skal laga ei Facebook-gruppe.

    3.
    Til personvern: Eg trur ikkje du ser det grunnleggjande problemet med at veldig mange registerer det sosiale livet sitt. Men, som sagt, dette skal eg forklara grundigare ein annan gong.

    4.
    Japp. Det gjer bloggar òg.