Takk! Det verkar kanskje litt småleg å vera stolt av ein slik tittel, men eg er trass alt kanskje den siste som går ut frå UIO som cand. philol med historie hovudfag.
Du kan godt unna deg å vera stolt av å ha fullført eit hovudfag. Det er langt meir enn eg har gjort, i alle fall. Titlane Manifest-gjengen har tildelt kvarandre ville eg derimot ikkje gjeve mykje for.
Cand. philol. er ein ganske upresis tittel. Mange av talane til kullet mitt handla om at no var me «historikarar», men eg kvir meg litt for å kalla meg nett det. Mange har lurt på kva eg er no, elleve år etter at eg byrja å studera. Eg er komen fram til ei formulering om at eg er «er utdanna til å skriva historie på akademisk nivå». Den kan eg stå inne for.
Til lukke!
Til lukke med flott tittel! Hugs å oppdatera oppføringa i telefonkatalogen.
Takk! Det verkar kanskje litt småleg å vera stolt av ein slik tittel, men eg er trass alt kanskje den siste som går ut frå UIO som cand. philol med historie hovudfag.
Du kan godt unna deg å vera stolt av å ha fullført eit hovudfag. Det er langt meir enn eg har gjort, i alle fall. Titlane Manifest-gjengen har tildelt kvarandre ville eg derimot ikkje gjeve mykje for.
Cand. philol. er ein ganske upresis tittel. Mange av talane til kullet mitt handla om at no var me «historikarar», men eg kvir meg litt for å kalla meg nett det. Mange har lurt på kva eg er no, elleve år etter at eg byrja å studera. Eg er komen fram til ei formulering om at eg er «er utdanna til å skriva historie på akademisk nivå». Den kan eg stå inne for.
Gratulerer! Cand.philol. er ikkje upresist i det heile; du er filologisk kandidat. Historie er filologi.