Grensesnitt-konservativsme
Det førre innlegget mitt fekk meg til å tenkja litt vidare. Den fyrste staden eit slikt grensesnitt kjem til nytte, er i iPhone, ein ny mobiltelefon (og iPod) frå Apple. Dersom omstenda hadde vore annleis, hadde ein slik stått høgt på prioriteringslista mi. No valde eg i staden ein Nokia E65, som er ein minst like god telefon. iPhone burde eg ha nemnt i førre innlegget.
Spørsmålet er sjølvsagt om radikale forbetringar av måten me bruker datamaskiner på, er mogleg. Me veit godt at grensesnitt har ein tendens til å låsa seg, slik at det berre er to utviklingar som er mogleg: anten svært små forbedringar (rullehjul på musa, ekstra tilvalstastar på tastaturet) eller revolusjonerande endringar (overgangen til webbaserte grensesnitt, som har sett sjølve samhandlingsformene våre mange tiår attende). Slike “revolusjonerande” endringar trur eg har lettast for å festa seg når det ikkje framstår som eit nytt grensesnitt til noko gamalt, men eit nytt grensesnitt til noko nytt.
Eit perfekt døme er tastaturutlegg.
Dei aller fleste skriv på tastatur med Qwerty-utlegget, sjølv om gode alternativ har eksistert mykje lengre enn datamaskiner har. Sjølv om Dvorak ikkje er perfekt, er det på mange måtar betre enn Qwerty: Du må flytta fingrane mindre for å skriva vanleg tekst, og det gjer at du både skriv snøggare og slit mindre på nevene. Det finst andre utlegg som skal vera enno betre enn Dvorak, til dømes Colemak.
Likevel er det noko som ikkje funkar. Eg trur at mine eigne røynsler med er mogleg å generalisera: Eg har prøvt ikkje-Qwerty oppsett og funne ut at dei intuitivt kjenst betre, men gjeve opp etter å ha brukt nokre veker på å læra meg det nye utlegget. Andre fortel at dei har prøvt svært hardt, i fleire månader, men innsett at det faktisk er svært vanskeleg å skriva snøggare enn ein gjer med Qwerty.
Nokre idéar til kvifor det er slik:
- Qwerty er der, alltid. Du setja deg ned ved ei datamaskin og forventa at tastaturet har Qwerty-utlegg. Dei fleste bruker mange ulike datamaskiner, og det er alltid litt fikling med å få alternative utlegg til å fungera (særleg om ein vil installera t.d. “norsk Dvorak“).
- Me kan Qwerty. Heilt frå eg brukte ei datamaskin for fyrste gong, for tjue år sidan, har eg brukt Qwerty. Eg skriv ikkje touch, men eg skriv med alle fingrane utan å sjå på tastaturet. Ikkje berre einskildbokstavar, men òg bokstavkombinasjonar, kan eg skriva utan å tenkja. Kvar gong eg har prøvt å læra meg touch (anten det er med Qwerty eller Dvorak), har dette stogga meg: Eg skriv ikkje bokstav for bokstav, iallfall ikkje medvite.
- Det, igjen, kan koma av at eg ikkje skriv touch. Fingrane mine kviler på ASEF-JIOØ eller ASEF-KOPÆ (det normale med Qwerty hadde vore ASDFHJKL). Dette er utan tvil ein skrivestil eg har lagt meg til å på grunn av sjølve tastaturet.
Dette er sjølvsagt ikkje uovervinnelege hinder. Eg lærte meg å skriva nynorsk skikkeleg, sjølv om eg definitivt skreiv bokmål best og mest feilfritt då eg gjekk på gymnaset. Det tok mange år å skrive nynorsk like trygt som eg skreiv bokmål.
Når folk ikkje er viljug til å omskulera seg til eit anna tastaturutlegg, er det kanskje fordi tastatur ikkje er så viktig. Folk skriv eigentleg ikkje så mykje på tastaturet. Det må vera grunnen til at medan mus og skjermar har vorte utvikla, har det gått jamt nedover med tastatura. Før i tida var tastatur noko ein brydde seg om, og investerte i. No er dei berre forbruksvare, og gamle IBM-tastatur er ettertrakta objekt. Den einaste “forbetringa” på tastatura har fått, er at dei har fått nokre ubrukeleg knappar heilt for å justera lyd og slikt.