Heitebølgje
No trur eg det skal noko ekstraordinært dersom eg skal unngå å verta cand.philol. Munnleg er rett nok ikkje før neste onsdag. Det er ekstraordinært seint, faktisk dagen etter den myteomspunne kandidatfesten. Men eg må nesten verta overkøyrd dersom det skal gå verkeleg gale no.
Elles er veldig varmt for tida. Det minner meg om to ting.
Fyrst, halvåret i Kairo. No er det nær på tjue varmegradar om natta, og alt for varmt om dagen. Men det er ikkje varmen i seg sjølv som får fram minna. Dei kom fyrst då eg kom på kontoret i dag, og gjekk inn på datarommet, slo varm og innestengd luft mot meg. Nokon hadde skudd av luftkjølevifta. Sikkert for å spara straum i vinter, då det var litt kaldt. Vel, dette maskinrommet er diverre kontoret mitt her for tida. Så eg fann fram fjernkontrollen og fekk på kjøleanlegget. Etter ei stund byrja det å verka (det er behageleg temperatur her no, og eg er litt mindre uroa for at maskinparken skal bryta saman).
Det som minna meg om Kairo, var ikkje varmen, men lukta av kjøleanlegget då det skrudde seg på. Det er merkeleg med slike minne. Lukt og kjensla av lufta framkallar mykje sterkare minne enn ljod og ljos.
Dessutan minner varmen meg om Pesten av Camus. Boka startar med ei perfekt skildring av kor lukka og trong byen Oran (i Algerie) er om sumaren.
Tarjei
juni 10th, 2007 at 17:18
ingenting er som støvet fra en air-conditioner som ikke har vært skrudd på i løp av en hel vinter
Hvorfor må man være registrert for å skrive kommentar, egentlig? Er du redd for hva folk skal si?
juni 11th, 2007 at 08:35
Det kjem av at eg hadde så store problem på førre bloggen min med spam, og eg tenkte at det ikkje var noko gale i at folk måtte registrera seg.
Men no har eg fått så mange tilbakemeldingar at eg kanskje må gjera noko med det.
juni 11th, 2007 at 14:11
Ja, det er ein del lukter om sommaren som minner meg om varmare land. Lukta av frityr når ein går forbi gatekjøkken om sommaren minner meg om lukta i Hellas då eg var 6 år. Og lukt av varmt støv minner om Egypt. Lukt av søppel minner meg meir om Damaskus, då eg budde i gamlebyen. På fisefine Zamalek i Kairo var det mindre søppellukt, eller i alle fall ikkje så innestengt.
Gratulerer med oppgåva, og lukke til med munnleg!
juni 11th, 2007 at 14:24
Søppel, ja. Det er noko eige med lukta av pylse, søppel og varme sumarneter. Det minner meg om då eg flytte til Oslo i 1999.
Vanlegvis skulle slik lukt slå på varsellamper, men for meg får det berre fram gode kjensler: Heilt ny by og viktige oppgåver (sentralstyret i Norsk Målungdom). Det luktar ikkje slik i Bergen om sumaren.
I den fasjonable bydelen Nordre Aker er det jo ikkje så mykje slike lukter, korkje av søppel eller støv. Men det lukar mykje av alle hagane rundt.
Nei, det var jo ikkje så mykje søppel på Zamalek, men det var jo berre å gå over brua til Bulaq …
juni 11th, 2007 at 14:34
Og oppgåva, ja: No er det under 48 timar til den lange vegen mot å verta candidatus philologiæ endeleg er over.
Det skulle eigentleg berre ta seks år, men kven i all verda kan ferdigutdanna seg på seks år? Eg byrja hausten 1996. To av desse åra gjorde eg rett nok andre ting, så då har eg vel brukt ni år, då.
Eg illustrerer dette med eit bilete av ein wombat: