iBook 14″: 2004–2007
I tre år har ein 14″ Apple iBook vore venen min. Det var den fyrste «skikkelege» datamaskina eg kjøpte; det slår meg at alt eg kan om datamaskiner (sidan midten av 1980-talet) har eg lært på Frankenstein-monster eg har skrudd saman sjølv av avlagte delar. Då eg kjøpte iBook-en, var det mest for å ha ei maskin som «berre verka». Det gjorde ho, og eg var framleis ganske nøgd, sjølv om både prosessoren (1.2GHz PPC G4), skjermen (1024×768 14.1″) og minnet (768MB) etter kvart rykte nedover i divisjonane. Eg treng ikkje noka ny maskin, eg, tenkte eg.
Eg har rett nok oppgradert litt. Maskina kom med 256MB minne, og det skjøna eg med ein gong at var for lite, så allereie etter nokre dagar sette eg inn ei 256MB-brikke til (seinare vart det ei 512MB-brikke, og 256MB-brikka arva Gudrun). Etter eit stygt fall tok disken kvelden («klank-klank»), så eg sette inn ein ny og større disk (80GB, 5400 rpm mot 60GB, 4200 rpm). Fire månader i Kairo, der maskina vart brukt på wifi-kaféar nokre timar om dagen, tok knekken på batteriet, så det bytta eg. Det siste som skjedde, var at straumforsyninga rauk i mars. Då tykte eg at 750 kr var litt drøyt til ei så gamal maskin (nye MacBooks har ei anna straumforsyning), men midt i innspurten med hovudoppgåva verka ikkje tida å vera inne for å gjera noko som helst med arbeidsmiljøet mitt.
I dag knela maskina heilt, og denne gongen reknar eg med at det er viktig komponentar på hovudkortet som har teke kvelden. Det byrja i går ettermiddag, då skjermen brått gjekk i svart og maskina låste seg. Omstart gav berre TV-støy på skjermen. Det legendariske «zap PRAM»-trikset funka, men etter ei tid (alt frå to minutt til ein time) knela maskina att. Symptoma var vekselvis svart skjerm og psykedeliske fargar. Så, om lag klokka 23:00, brått funka det att. Maskina var operativ i fleire timar, og eg kunne sjå ein heil film på henne medan oppvaskemaskina gjekk.
Malapropos, dette minner meg om ein «AI-koan» frå The Jargon File:
A novice was trying to fix a broken Lisp machine by turning the power off and on. Knight, seeing what the student was doing, spoke sternly: “You cannot fix a machine by just power-cycling it with no understanding of what is going wrong.” Knight turned the machine off and on. The machine worked.
I dag kom problema attende. Maskina verka i ein halvtime, og gjekk i svart. Det såg ut til å verka å zappa PRAM, men så gjekk ho heilt i svart, og nekta starta. Av og til kunne eg høyre lyden av vifta som starta (og gjekk og gjekk), eller CD-drevet som spann opp, men firmware vart ikkje ein gong lasta.
Ein kan aldri vita, men eg reknar med at maskina er heilt daud no. Det er litt sørgeleg. Då Gudrun fekk høyra at iBook-en var sjuk i går, svara ho faktisk «og den som du var så glad i» - med medkjensle i røysta. Det tykkjer eg var veldig snilt sagt av ein som ikkje liker tekno-duppedittar.
Kva no? På sikt må eg vel skaffa meg ei ny maskin. Då kjem alle vala eg må ta. Berbar eller stasjonær? Det er ikkje tvil om at det er svært mykje betre å arbeida med det meste på ein stasjonær maskin, men bærbare maskiner har fordelen at eg kan arbeida kvar som helst, og ikkje må setja meg på kontoret for å bruka dei. Operativsystem? Eg elskar OSX, men eg er litt misnøgd med at maskina frå Apple faktisk ikkje vara lengre enn tre år. Alternativet er Linux (helst Ubuntu), men det var så godt å ha ei maskin der alt berre verka, og eg ikkje trong styra med drivarar, codec-ar og alt slikt. Vista vil eg iallfall ikkje ha, etter det vesle eg har sett (Windows XP kunne eg til naud ha brukt).
Vel, vel. Godt eg har ein heilt frisk backup, iallfall.
juli 17th, 2007 at 07:37
Er det ikke like greit med en bærbar? Du kan jo bare kjøpe skjerm og tastatur og så har du en stasjonær?
Ellers ser jeg at PCer begynner å bli ganske billige, kanskje et motargument mot Mac. Ellers innbiller jeg meg lixom at de problemene du har hatt med en apple-maskin (nei, de er ikke problemfrie) kommer til å bli enda verre med Windows/Linux…. Men du er jo eksperten.
juli 17th, 2007 at 09:37
Fyrst: I det heile føler eg at livet med Mac-en min har vore ganske uproblematisk. Eg har vore veldig, veldig nøgd med sjølve operativsystemet (mykje takk vera at det ligg ein solid Unix i botnen) og at alt berre har verka. Når det gjeld batteriet og disken ber eg heller ikkje nag: eg har utsett maskina for ganske hard behandling. Filosofien min har vore at eg maskina hadde vore mykje mindre nyttig dersom eg måtte teke i henne med silkehanskar.
So: Ja, det vert nok ein berbar på meg. Men PC eller Mac? Bortsett frå at eg framleis trur at PCar har dårlegare kvalitet enn Apple-maskiner (jamt over, med unnatak for ThinkPad/Lenovo) og mindre tiltalande design (heilt og fullt, og det gjeld særleg ThinkPad), trur eg spørsmålet om operativsystem er eit spørsmål om å velja seg kva sett av utfordringar ein vil velja seg. Utover spørsmålet om pris, sjølvsagt: Det ser ut som om heilt ålreite PCar ligg på ca. NOK 6-7000 no.
Eg vil, til dømes, gjerne ha tilgang til ein del verktøy som kjem frå Unix-verda (særleg LaTeX og Emacs, men òg ei rekkje småverktøy). Desse verkar under Windows, men sjeldan like godt som under Linux og OSX. Windows og OSX, på si side, har ein del verkeleg gode kommersielle programpakker (som Adobe Photoshop), men dei frie alternativa (som GIMP) fungerer nok betre under Linux.
Det einaste som talar for Windows for meg, er Microsoft Office, helst i kombinasjon med EndNote. Ein kan seia veldig mykje stygt om desse programma, men for lange akademiske tekstar i «tekst-faga» er dette ein veldig god kombinasjon. Alternativet er sjølvsagt OpenOffice.org, som er ålreit, men ikkje like ålreit som Microsoft Word. Dessutan manglar OpenOffice god støtte for referansehandtering. Synd, men sant. Det skal visst koma i neste utgåve. Her deler problema med Linux og OSX seg; Linux har sjølvsagt berre OpenOffice, medan OSX har både OpenOffice (NeoOffice) og Microsoft Office, utan at nokon av programma fungerer særleg bra.
Støtte for arabisk er eit heilt anna kapittel, der iallfall Windows såg ut til å ha vore best for nokre år sidan. Det er diverre ikkje eit veldig viktig spørsmål for meg nett no.
Om ein ser bort frå dei økonomiske vurderingane (ja, helst ein 15″ MacBook Pro, men NOK 17 000 er litt dyrt, diverre), er det altså eit spørsmål om kva problemsett ein vel seg.
Eg er litt lei av dette no.
juli 17th, 2007 at 14:31
hehe.
Men til det med arabisk, jeg tror at en Mac utrusta med feks. Nisus er bedre enn en PC. Mac er også betraktelig enklere å skjønne, for deg er ikke det så viktig, men det gjelder andre, når det gjelder hvordan bruke språkene. At de har en qwerty innebygd, feks, gjør nok en del folk sin hverdag enklere (jeg lurer på hvordan de takler det på andre språk).
Fins ikke endnote på mac? Jeg er strålende fornøyd med Nisus altså, selv om det meste jeg skriver nok erpå div. google applications.
juli 19th, 2007 at 08:28
Nisus bruker komponentar frå OSX for å teikna opp tekst på skjermen, så eg trur at resultatet i Nisus og TextEdit skal vera om lag det same. Eg minnest at det var nokre feil med vokaliseringsteikna, men stort sett OK resultat (spørsmålet er om RTFs laga med Nisus er kompatible med Microsoft-RTFs?).
Endnote finst for Mac, men det var merkbart tregare og mindre stabilt enn på PC (eg trur det har vorte betre dei siste åra). Til oppgåva mi (om lag fem hundre fotnotar med referansar i Chicago-format) brukte eg faktisk Bookends, som eg oppfatta som meir «snappy» og lettare å tilpassa.
Nisus saknar eit par funksjonar som er naudsynt for lange tekstar (mest prekært kryssreferansar, automatisk innhaldsliste og dokumentoversyn). Eg har òg funne ut at «spor endringar» er ein svært nyttig funksjon i Word. Det aller mest kritiske var likevel at Nisus vart utruleg lite responsiv når teksten vart lang nok. Det kjem kanskje av at eg hadde eit underskot på rå prosessorkraft, men likevel …
Til slike tekstar er sjølvsagt LaTeΧ best i teorien. Likevel feila forsøket mitt på å faktisk bruka systemet ganske brutalt. Det har fleire årsaker. Den viktigaste er at det var ganske vanskeleg å få BiBTeΧ (referansehandteringa) til å produsera referansar etter malen til CMS. Eg kom eit stykke, men ikkje heilt i mål. Den andre årsaka var at det rett og slett var vanskeleg å halda oversynet over teksten. Eg tykte det var vanskeleg å orientera meg, og eg oppdaga at det var lettare å sjå skrivefeila i Word enn i LaTeΧ. Eit tredje moment var at rettleiaren min skulle lesa utkast, men sidan han alltid las på papir, var ikkje det eigentleg eit problem.
november 15th, 2007 at 18:54
Du vil ikkje styra med drivarar? Huh? Eg hev då ikkje sett ein drivar på 3 år med Linux. Ja, greitt nok at eg dreiv med det for 4 år sidan, men det er jo trass alt 4 år sidan.
Aahhh. Faktisk, ein drivar hev eg vore borti; men det er berre for stygge, nye trådlause nettverkskort. Det meste av dette gjeng i dag òg automatisk med Ubuntu. Codecar er òg automatisk (han spyrr deg um du vil leggja inn dei ufrie codecane fyrste gong du prøver å spela av noko du ikkje hev codecen til).
Det vert vel litt meir handterleg å jobba i LaTeX um ein nyttar LyX eller det KDE-LaTeX-programmet. Men LaTeX det er nok framleis litt fikling som må til, um ein vil vil hava ting på ein spesiell måte. Eg bruker berre vanlege ting i LaTeX, og hev ingen store krav til det - då treng eg ikkje lera stort av det. Men i framtidi so må eg nok verta betre i LaTeX
Forresten tykkjer eg Lenovo/ThinkPad er heilt utruleg sexy. Eg står òg mellom å kaupa ei Apple-maskin, eller ein slik liten Lenovo. Og då trekk faktisk utsjånaden til Lenovoen opp. Og ikkje minst at det kjennest so ekstremt solid ut. Ahh.
Eg er ikkje serleg glad i Mac-en min, eg brukar han berre grunna Final Cut Pro HD og DVD Studio Pro. Diverre finst ikkje gode nok slike program til Linux. Avanserte videoprogram som likevel er enkle å bruka.
november 16th, 2007 at 10:21
Det er godt mogleg at alle dei timane eg brukte på å rekompilera Linux- og FreeBSD-kjernar midt på 1990-talet framleis sit i kroppen. Du har heilt rett i at Ubuntu gjer ein imponerande jobb for å få alt til å verka. På den middelmådige maskina eg kjøpte i august (HP G5050, ikkje nett spitzenklasse) har eg likevel hatt desse hardware-problema:
Lydkortet ville ikkje skru av høgtalarane når eg plugga inn hodetelefonar. Løsying: leggja til linja options snd-hda-intel model=”laptop” i /etc/modprobe.d/alsa-base (same problem på 7.04 Feisty og 7.10 Gusty).
Broadcom 43xx-kortet mitt krev svart magi for å verka. Løysing: Bruka bcm43xx-fwcutter (Feisty) eller restricted-driver-manager (Gusty).
På Feisty greier ikkje X11 å få skjermkortet (Intel 945GM) til å visa rett oppløysing (1280×800), ein må installera eit hack (915resolution). I Gusty følgjer det med ein X11-driver som verkar
Svevn (”suspend-to-ram”) fungerer i beste fall halvvegs (Feisty) eller ikkje i det heile (Gusty). Det er aldri i nærheita av å vera like elegant som på iBook-en min.
Det siste er grunnen til at eg har bestemt meg for å hoppa over heile Gutsy og heller venta på 8.04 Hardy, der det er ny kjerne og heilt ny ACPI-pakke (pm-utils).
Det var nett slike ting eg ikkje trong å tenkja på før. Då berre verka alt. Dessutan likte eg designen på Mac-en, og det at maskina var lydlaus og gjekk i seks timar på batteri. Eigentleg trur eg at PPC G4 var ein optimal prosessor for bærbare. PCen eg bruker no er sjølvsagt ikkje i same klasse som iBook-en, så det vert nok litt urettvist å samanlikna dei to.
november 16th, 2007 at 13:27
Hev du prøvd Gutsy på iBook? Her hev du kaupt ein ukjend datamaskin som ikkje mange hev, — hadde du prøvd ein Lenovo ThinkPad eller iBook so hadde du nok hatt mykje større suksess.
På mi maskin fungerer alt ut av boksen. Du stiller mykje høgare krav til Ubuntu enn det du gjer til OS X. Prøv å få OS X til å fungera på HP-en din, det gjeng ikkje serleg bra.
Men for all del, tingi du nemner er heilt greie ting; det er problem slik det er no. Linux *skal* vera best. Ikkje berre litt betre enn Windows som er eit *SANT* helvette å få ting til å fungera, må finna/lasta ned/installera drivarar for absolutt alt. Men når du hev sett opp desse småtingi som ikkje fungerer skikkeleg; so er jo den delen allereie gjort.
Forresten so fungerer Gutsy ganske bra her, at du må bruka restricted-driver-manager (som trass alt er 10.000 gongar enklare enn det du må i Windows) er jo ikkje noko problem - det er jo superenkelt. Finst framleis ingen heilt fri drivar for Broadcom, so det er eit dumt kort å hava som trådlaust kort.
Svevn er eit helvete, det fungerer visstnok bra på iBook-ar med Linux, fungerer dritbra på maskini mi og mange andre sine - men eg veit det er eit stort problem på mange maskiner. Folk fylgjer ikkje standardane, og difor vert dette eit problem.
Installasjonen av Ubuntu er kjappare og enklare enn Windows, og at me då brukar ein halvtime ekstra på å få alt til å fungera er ikkje for dumt. Det tek jo trass alt rundt ein dag for å setja Windows opp med alt ein treng av drivarar og program.
Forresten, det med ljodkortet - hev du brukt den der Hardware assistant-saken og sagt i frå um problemet ditt? Evt. veit du um det finst ei feilrapportering for det i Ubuntu sitt feil-system? Det høyrast jo ut som ein ekte tulleting som burde vert fiksa straks.
november 16th, 2007 at 15:56
Eg prøvde 6.06 Dapper på iBook G4 i si tid. Det fungerte slik passeleg bra (bcm43xx var ikkje støtta på det tidspunktet). Det største problemet den gongen var òg straumstyringa: samanlikna med OSX var straumforbruket skyhøgt og vifta bråka ganske mykje.
Når eg seier at Ubuntu på mi (low-end, uvanlege) maskin har dårlegare integrasjon med maskinvara enn det OSX har på ei maskin som er spesiallaga for å køyra OSX, er det ikkje nett overraskande. Men eg er trass alt ikkje ute etter å slå fast kva som er det objektivt beste operativsystemet, men kva som fungerer best for meg.
Ubuntu (eller Debian) er jo heilt klart eit svært godt OS, mykje betre (og meir brukarvenleg) enn Windows-variantane. Det er det på ingen måte tvil om.
Eg kan jo alltids spekulera i kva hadde vore det beste, ein ny MacBook Pro med OSX 10.5, eller ein tilsvarande Thinkpad med Ubuntu.
november 16th, 2007 at 16:34
Ja, det er no sant.
Eg var nett oppe og såg på Mac OS X på G4 her, - og var ikkje stort imponert. Eg veit sjølv at OS X ikkje passar meg serleg bra, eg vert so frustrert av å bruka det. Heldigvis hev eg Linux-laptopen min, so G5-en brukar eg berre til nemnde videoredigering. Men veslebroren min er Apple-tilhengjar og hev ein MacBook Pro. Vedder på at han hev OS X 10.5 òg, den vesle … :]