Men, Tarjei, då! Word?
Meir teknisk denne gongen.
Tenk at eg skulle seia at Word og Endnote – på Windows – er bra. Har eg ikkje alltid sagt at dette er noko søppel, og snakka varmt om gode alternativ? Kanskje nokon vart skuffa over at eg ikkje brukte LaTeX til oppgåva mi?
Lat meg seia det så enkelt som at Word faktisk fungerer når ein del vilkår er til stades:
- Dokumentet ditt inneheld lite, eller helst ingen, matematikk. Word 2007 har ein heilt ny likningseditor som faktisk ser svært bra ut, men i tidlegare utgåver har eg opplevd at det nesten ikkje er verd bryet å produsera vakker matematikk med Word.
- Du bruker eit eksternt program for å handtera referansar. Som sagt, Endnote fungerer OK på PC, på Mac liker eg Bookends betre. Word 2007 har faktisk innebygd referansehandtering – igjen, noko eg er spent på om fungerer. OpenOffice har hatt det lenge, men førebels er ikkje systemet deira brukande dersom ein har litt avanserte behov.
- Du har tilstrekkeleg maskinkraft. I «gamle dagar» var det slik at Word krasja når ein prøvde seg på litt lange dokument med struktur. No er det ikkje heilt slik, lenger, men det hjelper svært godt dersom maskina er rask nok (for passande verdiar av lang, struktur og rask).
- Du har ikkje tenkt å driva med avansert formgjeving, og krev ikkje at teksten din skal sjå særleg «typografisk korrekt» ut.
- Du bruker dei funksjonane Word har; særleg viktig er det at du bruker stilar og slikt for å definera mellomtitlar og slikt.
- Menneske skal vera involvert i kvart einaste steg teksten skal ta vidare. Word-filer er framleis nesten uråd å gjera særleg mykje med automatisk.
Lista over ser glatt bort frå at Microsoft framleis er det vonde imperiet og at Word-filer er eit lukka format der du overgjev teksten din til vondskapens fyrste. Eg må berre, rett og slett, bita i sureplet og vedgå at det ikkje alltid er dumt å bruka Word til å skriva tekst i.
OpenOffice er ein OK konkurrent til Word, men den største føremonen er at det er gratis. Det vesle eg har brukt av OOo, har diverre ikkje imponert meg.

