Numb3rs

I vår har TV2 byrja å senda TV-serien Numbers (eller
Numb3rs). Det er ikkje ein strålande god serie, men han har
nokre sider som gjer han ganske unik.

På yta er det ein vanleg kriminalserie. Don Epps arbeider som
FBI-etterforskar i Los Angeles, og må løysa ei lang rekkje av drap,
kidnappingar, narkobrotsverk og terroriståtak. Hovudpersonen er i
serien er likevel Charlie Epps, broren til Don. Han er ein ung
professor i matematikk på «Calsci» (ei fantasiutgåve av Caltech), og
saman med yrkesbrørne Amita og Larry hjelper han Don å løysa
sakene. Kvar gong FBI står fast i ei sak, lagar Charlie ein matematisk
modell som kan setja dei på sporet att.

Utan denne gimmicken hadde serien vore ganske
uinteressant. Forteljarteknisk er serien ganske langt unna nyskapingar
som Lost og 24, og karakterane er òg vesentleg mindre
interessante enn i NYPD Blue, eller til og med CSI
(personane vert utvikla i nokre biforteljingar, men desse er teikna
med så brei pensel at det nesten gjer vondt å sjå på). Eigentleg er
temaet, «matematikkprofessor løyser kriminalitet», som er
Numbers.

Matematikken er fyrst og fremst synsvinkelen. Der CSI handlar
om å finna spor, handlar Numbers om å tolka spora ved hjelp av
matematikk. I ein episode står Don og Charlie andsynes ei
trafikkulukke, der ei ung kvinne er overkøyrd. I CSI ville
rettsmedisinaren sett på skadene, og sagt at «desse er for høge, ho må
ha stått i ro då bilen køyrde på henne», seier Charlie at «hælen
teiknar ein slik og slik bane når ein går, og ut frå denne modellen
ser me at ho må ha stått i ro medan bilen akselererte over henne». Eit
anna døme er der etterforskarane står andsynes ei lang liste med
mistenkte. Der CSI «køyrer lista gjennom datamaskina» og finn eit
svar, seier Charlie «dette løyser me med nettverksanalyse», og
reknar seg fram til kven som er mistenkt. I mange tilfelle er
det mogleg å tenkja seg at CSI og Numbers kunne løyst same saka, på
same måten, men forteljinga hadde likevel vore heilt
annleis. Bodskapen i Numbers er at matematikk er eit nyttig fag, eller
som det heitte i opninga for sesong 1 og 2: «We all use math, every
day».

Vona er kanskje at matematikk skal verta like populært som
åstadsgransking har vorte. The Matemathical
Association of America
(MAA) har omfamna serien, og det er laga
eit opplegg der ein kan bruka han som støtte for matematikkundervising
på vidaregåande.

Når det gjeld den faktiske matematikken, er eg diverre ikkje i stand
til å vurdera kor realistisk han er. Etter det eg har lese meg til,
har dei brukt gode konsulentar, og alle likningane som flyg over
skjermen skal vera rette. Det er openbert at Charlie er spesialist på
(for) mange felt og lagar avanserte modellar nærast som ein
apropos. Men slikt kan ein godta i fiksjonen (i nesten all
populærlitteratur har hovudpersonane fleire roller enn «realistisk»). Eg var òg
overraska over ein episode som handla om kampsporten Mixed Martial
Arts (ein av dei få idrettane eg finn glede i å følgja på
skjermen), der problemstillingane var uvanleg intelligente. Eg lurer
på om det gjeld for andre spørsmål dei tek opp.

Eit problem med serien er at det kanskje ikkje er veldig mange måtar
matematikk kan løysa kriminalitet på, så det vert ein del
resirkulering av løysingar (veldig mykje «nettverksanalyse», heldigvis
driv Amita med kombinatorikk). Det er likevel ei stund til dei nærmar
seg nivået i CSI («ha, me fann eit frø frå ein busk som berre veks der
og der») eller 24 (der Jack Bauer på keisameleg vis torturerer seg
fram til løysinga).

Oppdatering (2007-07-04):

3 Responses to “Numb3rs”

  1. magnusbe Says:

    Takk for dette. Eg har ikkje sett serien, men skal ta ein kik no.

  2. Eva Marie Says:

    Eg har sett ganske mange episodar med denne serien saman med ein matteinteressert Mass. I byrjinga tykte eg det var artig - sjølv om eg sjølvsagt ikkje skjønar bæret av alle likningane - men det var artig med at ein matte-nerd kunne løysa slike “tøffe” problem som mord. Og ikkje minst orginalt.

    Men etterkvart har eg vorte meir og meir skeptisk. For det fyrste er det denne irriterande, pedagogiske mattegreia - “vi brukar alle matte kvar dag, vesle deg”- ja, eg VEIT eg gjer det, men eg brukar for faen meg ikkje kvantrippulasjonslikningar og cinus og kosinus og kva det heiter!!! Kanskje brukar eg gange og deling to gonger i veka. MAKS! Nei, det irriterer meg, det er like irriterande som eit hefte vi har i heimen som heiter “Teller matte?” utgitt av Norsk Matematikkråd i 1999. Så sjølvsagt tel matte!!!! Blir litt opphissa av den introen på serien, ja.

    For det andre er det nokre gongar at det er så utruleg lett å sjå at viss etterforskarane hadde brukt vanlege politimetodar (fingeravtrykk t.d.) hadde dei ikkje trengt å henta i nn denne ekstrakompetansen frå den særs unge og kjekke professoren. Det er som når CSI berre finn ut ALT ved å bruka tekniske bevis, og dei har ALLE tekniske maskinar som løyser ALT ved å trykka på ein knapp og i tillegg er det irriterande bra grafikk og spanande lydar i programma etterforskarane brukar.

    For det tredje irriterer han matte-professoren meg. Ikkje berre er han ung og pen, og han har alltid tid til å hjelpa FBI med mordgåter, sjølv om han må springa mellom viktig forsking og førelesingar. Men det er mest at han er så utruleg kjapp med å finna samanliknar til dei mest avanserte likningane og algebra-ane, slik at alle skal skjøna kva det går i. Men det gjer eg då for faen ikkje når han byrjar skribla opp alle data og variasjonane på tavla si.

    Grmf. Men han som spelar pappaen i serien er bra.

  3. tarjei Says:

    Eg ser ganske mildt på det som er tydeleg urealistisk i serien, men konflikten mellom det å vera akademikar og FBI-konsultent vert jo faktisk problematisert: Charlie prioriterer å kasta seg over FBI-problema, samstundes som det går litt trått med forskinga hans.

    Men eg tykkjer du har eit poeng når det gjeld sjølve matematikken. Det vekslar mellom å vera banale analogiar og veldig komplekse formlar — eg trur ikkje det er meininga at dei skal vera noko anna enn imponatorar. Kanskje noko av grunnen til at matematikk er så vanskeleg er å finna her? Vanskelege konsept kan ofte forklarast veldig lett, men det eigentlege handverket er veldig tungt å skjøna. Ein forfattar eg har stor sans for, er Keith Devlin. Han skriv framifrå populærvitskap om matematikk der han forklarar veldig vanskelege ting slik at ein faktisk skjønar kva problemstillingar matematikarane strevar med. Eg les for tida Mathematics: A new golden age, som har teke meg på ein spanade ekskursjon til mange spørsmål eg ikkje ein gong visste var viktige problemstellingar.

    At Charlie er ung og kjekk, tykkjer eg derimot ikkje er noko problem. Det er nok av filmar som framsteller matematikk som noko som berre eignar seg for menneske med store psykiske problem (Enigma (2001), A Beautiful Mind (2001) og Proof — ein lagnad dei ser ut til å dela med komponistar, som i Shine (1996))

    Til slutt: Eg trur at me er litt usamde om kva «We all use math every day» er meint å tyda. Eg trur ikkje tyder at me gjer enkel matematikk heile tida, men at mykje av det me kan sjå rundt oss, og som «berre er», kan uttrykkast ved hjelp av matematikk. Og, kanskje, at mykje av det me gjer «intuitivt» er kan uttrykkast gjennom matematikk. Inntrykket mitt er at mykje matematikk handlar om formalisera det me intuitivt skjønar, og at det vert vanskelegare dess meir intuitivt det er.

Leave a Reply