Denne påska las eg ikkje
Når eg planlegg store høgtider og feriar, er det eit fast punkt på programmet å planleggja kva slags bøker eg skal lesa. Som om det er store mengder tid eg kjem til å føla eit desperat behov for å slå i hel.
Denne påska hadde eg tenkt å arbeida meg gjennom to bøker av Paul Kennedy: The Rise and Fall of Great Powers og Parliament of Man. Kennedy er ein nestor innan analyse på “grand strategy”-nivået, og etter å ha lese meg gjennom Norman Davies si bok om andre verdskrigen (ikkje overraskande handlar den fyrst og fremst om Polen) tykte eg det var på tide med litt amoralsk historieskriving att.
Uansett, eg kom førti sider inn i Parliament of Man. Ikkje vart det noko av møbelsnekringa heller. Påska gjekk med til The Wire og det store mysteriet: Korleis kan taket til Fru Hansen vera gjennomvått, og golvet vårt heilt tørt?