The Wire

I huslyden nytta me påska (av fleire grunnar vart det ufrivillig hyttepåske heime i stova vår) til å arbeida oss gjennom sesong ein av The Wire. For meg var dette andre gongen (no med norske undertekstar).

Nokre punkt til oppsummeringa:

- Språket er ikkje uforståeleg. Eg fekk tak i nokre fleire poeng med tekstinga, men det var ikkje så mykje eg hadde gått glipp av. Nokre setningar her og der, sjølvsagt, men likevel.

- Litteraturvitarar greier tydelegvis å gissa 95 prosent av handlinga på førehand.

- Kor “realistisk” er serien? Korleis kan ein måla det? Fyrste gong eg såg sesongen, var eg heilt overtydd om at dette var kjemperealistisk. No ser eg at eg vart “lurt”: filminga og klippinga bryt med vanlege TV-serier, og, ja, alle karakterane er “grå”. Men dei er likevel utprega arketypar (som sagt, litteraturvitaren har allereie funne ut korleis kjem til å gå med dei aller fleste i serien).

This entry was posted in Underhaldning. Bookmark the permalink.

6 Responses to The Wire

  1. Hege L says:

    Hjå oss har påskehøgdepunktet på fjernsyn vore vår mann fyrsteinspektør Foyld (vonar det var rett skrive). Tom Stalberg i Dagbladet hadde ein svært innsiktfull observasjon at dette ikkje akkurat var The Wire. (og der slår han til og med litteraturvitaren i skarpsindig observasjon gitt) Men det var fin påskeunderhaldning – det var berre det eg ville ha sagt…

  2. tarjei says:

    Eg har òg alltid likt Foyle, ei fin blanding klassisk “krim” og britisk andre verdskrigs-nostalgi. I år prioriterte me han med i høve til gatene i Bal’more, fordi me har observert at serien vart dårlegare etter dei fyrste krigsåra. Eg gler meg likevel til påske-episodane kjem i reprise.

  3. Pingback: Tarjei Vågstøl » Blog Archive » Denne påska las eg ikkje

  4. Magnus says:

    OK – dette må testast. Eg har sett heile serien til den definitive slutten. Få høyra no – korleis går det med dei?

  5. tarjei says:

    Litteraturvitaren feiga ut: «Eg er eigentleg best å gissa kva neste replikk kjem til å vera», sa ho.

    Sjølv har eg tjuvlese, så eg kan ikkje delta i tevlinga.

  6. pøh says:

    nei kutt ut

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>