Nytt frå programvarefronten
Det er ikkje så ofte eg skriv om programvare lenger. Denne gongen er likevel to saker eg gjerne vil trekkja fram:
Ubuntu 8.04
Den siste veka har eg køyrt Ubuntu 8.04 betapå den berbare maskina mi. Det er vanskeleg å fordela æra mellom Ubuntu, Linux, Gnome og alle dei hundrevis av småprogramma som er med i operativsystemet, men dette er fyrste gong eg verkeleg har vorte imponert av Linux på denne maskina.
Zotero
Alle som skriv akademiske tekstar innanfor humaniora treng eit godt referanseverktøy. Av ulike grunnar er kombinasjonen LaTeX, Emacs og biblatex utenkeleg for humanistar (det burde ikkje vera slik, men er det likevel).
Dei aller fleste bruker Word og Endnote, trur eg, om dei ikkje skriv referansane for hand. Problemet er at det er kronisk vanskeleg å få det til å verka (stol på eg, eg har drive nok support til å seia det). Endnote er stort og tungt (og dyrt, men UiO-studentar får det gratis), Word-tillegget er krøkke og rett som det er funkar det ikkje. Vil du fiksa på stilane, er ikkje det heller heilt intuitivt og masse manuell jobb.
No har det dukka opp eit open-source referansesystem, nemleg Zotero. Det er eit istikk til Firefox (og verkeleg små og snertne istikk til OpenOffice og Word), og let deg leggja bøker rett inn i referansedatabasen din etter at du har leita dei opp i td. BIBSYS. Einaste haka
er at det ikkje verkar i Firefox 3.0-beta’en enno, men det er på planen til sumaren. Eg kunne òg likt det dersom Zotero kunne vore eit saumlaust grensesnitt til ei BibTeX-fil (og ekstatisk om det støtta dei nye felta i biblatex).
Eg har ikkje testa ut Zotero på viktige ting enno. Dersom eg vert skikkeleg skuffa kjem eg nok til å seia det.
april 17th, 2008 at 05:33
Kvifor vart du imponert over Ubuntu no? Er det stor skilnad mellom 7.10 og 8.04?
april 20th, 2008 at 22:31
No har eg testa ut Zotero på eit 10-siders vitskapleg «paper» (digresjon: for tida eg er utanfor akademia, så eg greier ikkje å skriva ordet utan hermeteikn, subsidiært fornorska til peiper - det var altså ikkje mitt eige). Eg er framleis veldig imponert.