OOXML
Standard Norge har tydelegvis, på ein tvilsam måte, røysta for godkjenna det nye dokumentformatet frå Microsoft, OOXML, som ein ISO-standard. 150 aktivistar hadde ein motdemonstrasjon onsdag 2008-04-09.
Etter det eg kan skjøna, har demonstrantane sakleg sett heilt rett. Ut frå propaganda eg har lese, er det ingenting som tyder på at OOXML er ein standard laga med ærlege føremål, altså, for at det skal vera mogleg å for andre å implementera han. Altså, Microsoft ønskjer at OOXML skal verta ein standard fordi dei ikkje vil at nokon (les: store kundar) skal bruka mot dei at det ikkje er det.
Likevel er eg litt nummen. Så lenge «Word-dokument»-modellen dominerer, er det god grunn til å tru at Word òg kjem til å gjera det, same om det er standard eller ikkje. Microsoft er ikkje interessert i å ha ein standard for tekstdokument, slik at dei må tevla på like vilkår om verktøyet.
Det er to ting som kan bryta «monopolet» Microsoft har:
- at heilt andre paradigme for tekstproduksjon tvingar seg fram og gjer «tekstbehandlingsprogram» som Microsoft Word og OpenOffice.org Writer gamaldagse. Dette er i ferd med å skje, skjønt ikkje heilt slik mange hadde vona.
- at IT-avdelingar i store institusjonar innser at det er svært dyrt og lite fleksibelt å vera avhenigige av Microsoft. Dette er ògi ferd med å skje i store byar og statlege departement rundt om i verda.
NUUG si side om OOXML ser ut til å vera ein fin stad å lesa meir.