Ubuntu 8.04 – litt meir
Ola spurde kvifor eg vart imponert over Ubuntu 8.04.
Skilnaden frå tidlegare utgåver er eigentleg ikkje så stor. Det er nye utgåver av nesten alt, sjølvsagt, for slik er jo Ubuntu, men grensesnittet og programutvalet er ganske likt (det er lova store endringar i neste utgåva, kva no «store» tyder). Når eg er imponert, er det fyrst og fremst frå ein brukarsynsstad. Eg veit rett og slett ikkje nok om korleis korkje Linux eller moderne PC-arkitektur er lenger til å kunne fiksa ting. For ti år trudde eg at eg visste korleis ting verka — den gongen eg las The Design and Implementation of the 4.4 BSD Operating System på senga og sikla over instruksjonssettet til PowerPC-prosessoren. Ja, forresten, eg såg føre meg at eg skulle verta informatikar, òg.
Når eg er imponert over Ubuntu i dag, er det meir prosaiske ting eg vert imponert over.
- Svevn («suspend-to-ram») funka på Ubuntu 7.04, men var tregt. På 7.10 fungerte det ikkje i det heile, sjølv kor mykje eg rota rundt i innstillingane. På 8.04 går maskina i dvale og vaknar opp like raskt som iBook-en min gjorde.
- Trådlaust nett. Eg har har eit slikt Broadcom 4300-kort i maskina mi, så eg må bruka firmware frå Windows-driveren. Eg har fått det til å verka før òg, men denne gongen gjekk det vesentleg glattare. Maskina bruker heller inga tid på å kopla seg på trådlause nett
- Lyd og grafikk. Dette burde vera sjølvsagt, men tidlegare måtte eg pirka litt i nokre config-filer for å få det funka. No funkar det rett ut av boksen.
- Compiz. Før i tida brukte eg sånne minimalistiske skrivebordsmiljø som vtwm. Det er sjølvsagt mogleg enno, men eg tykkjer at «moderne» GUI-program fungerer best dersom ein køyrer eit Gnome-skrivebordsmiljø òg. Tidlegare var den metacity-greia veldig lite fleksibel, men med desse fancy compiz-3D-effektane følgjer det òg med eit program (compizconfig-settings-manager) som let meg binda masse fine funksjonar til snøggtastar og seia ting som at «Emacs skal alltid stå på høgre side av skjermen i full høgde utan ramme rundt» og «super-t skal opna eit nytt terminalvindauga». Det er ikkje perfekt, men mykje betre.
Det var det eg kom på. Det er sikkert mykje meir, men nett no er eg lukkeleg fordi «det berre verkar».


Pingback: Tarjei Vågstøl » Blog Archive » Saksopplysning