Akademisk skriving

Då eg måtte kvitta meg med iBook-en min, vart saknet av DevonThink og Bookends veldig stort. No har eg for så vidt slått meg til ro med Zotero (enn så lenge), men det er ein del ting eg verkeleg saknar. Eg testa ut to program som gav forventningar til å gje meg noko av det eg sakna, utan å finna det:

Citavi

Eit sveitsisk produkt som på mange måtar er ein kombinasjon av:

  1. eit referansehandteringssystem,
  2. ein sitatdatabase og
  3. eit arbeidsflytssystem for akademiske prosjekt.

Eg gjekk rimeleg entusiastisk i gang med å testa ut programmet, men det fall på mange måtar gjennom. Dei skriv sjølve at det er “sehr schweizerisch”, og eg trur at det kan ha noko med at eg ikkje heilt vart vener med det. Det er for all del bra, men eg oppfatta det som litt tungvidt og vanskeleg å tenkja med.

Ankepunkt:

  • Tregt. Det er skrive i .NET, trur eg, og eg tykte det gjekk seint rundt på ein billig-bærbar frå 2007. Sjølvsagt er det òg berre for Windows.
  • Tungvidt. Zotero har det eg kallar eit minimalistisk UI-design, og det er plenty nok til dei fleste føremål. Citavi har masse hjelpetekst på skjermen heile tida, og eg tykte faktisk at 1280×800 vart for lite skjerm!
  • Berre på tysk. Det går jo, og eg er glad i tysk, men eg les det diverre alt for sakte til at eg kan bruka det i eit program. Den engelske utgåva kjem visstnok på seinsumaren:

    Im Spätsommer 2008 kommt das Update auf Version 2.5 … Version 2.5 wird es auch in einer englischsprachigen Fassung geben.*

Citavi verkar saman med både OpenOffice og Microsoft Word.

Nota Bene

Nota Bene er eit program eg gjerne skulle ha likt: Eit tekstbehandlingssystem med innebygd referansehandtering og indeksering. Eit komplett akademikarsystem. Med mange år på rumpa, og ei historie attende til DOS. Diverre trur eg òg at Nota Bene viser at det ikkje alltid er veldig bra å ha veldig nøgde kundar (Endnote, til dømes, er eit system eg trur har overlevd på å ikkje vera så bra), og at store system krev anten krev veldig god teknologi, slik at utviklarane kan byggja på andre sitt arbeid, eller ein ganske stor utviklarstab.

Eg oppdaga iallfall mange fine prinsipp bak Nota Bene. Det innebygde systemet for referansar er glimrande, stil-systemet står ikkje tilbake for noko og indekseringsprogrammet Orbis let deg byggja opp ein indeksert database over utvald tekst. Eg er skeptisk til indekserte søk i rubb og rake som einaste informasjonsstrategi, fordi alle som arbeider med tekst vil byggja seg opp ei ganske stor tekstmengd med raffinert informasjon.

Likevel er Nota Bene gjennomplaga av ein stor base historisk kode. Dei flytta seg over til Windows i “Windows 3.1-tida”, og mykje programmet syner det:

  • Ikkje Unicode-støtte. Skal ein bruka meir enn Latin-1, må ein kjøpa ei spesiell, dyr utgåve. Dei gjer veldig mykje sjølv (til dømes må ein definera tastaturet sitt i programmet), og ting som teiknsett og innskriving av aksentar ventar eg at operativsystemet skal ta seg av.
  • Grensesnittet er gamaldags og stygt. Eg burde ikkje bry meg med det, men Windows-grensesnitta er faktisk vortne mykje betre dei siste åra. Det er openbert mykje 16-bits Windows-kode att, til dømes er ikkje støtta for lange filnamn heilt god.
  • Mange bugs. Nota Bene bruker oppmerkingstags om lag som Word Perfect, men det vart fort mykje rot.

Når nettsidene samtidig ser ut som om dei er frå 1994, og nye versjonar og feilrettingar ikkje nett ser ut til å stå på trappa, er det rett og slett vanskeleg å vera veldig entusiastisk. Ideane frå Nota Bene er så gode at programmet hadde fortent ei ekte nyskriving, med moderne grensesnitt og støtte for moderne filformat.

4 Responses to “Akademisk skriving”

  1. Alexander M. Kempton Says:

    Takk for interessant test av Citavi og Nota Bene! Spørsmålet er om man virkelig har behov for denne type integrerte løsninger, som kan brukes til alt fra referansehåndtering til prosjektplanlegging. Personlig foretrekker jeg enkeltprogrammer som fungerer godt sammen, og jeg har god erfaring med å bruke for eksempel Microsoft Onenote til notater og Endnote og Zotero til referanser. Disse samarbeider godt med Word, og er raske i bruk, selv på en relativt treg pc. Men nå har jeg til dags dato ikke prøvd Devon programvaren, som jeg skjønner fungerer svært godt. Gjør DevonThink det verdt å investere i en mac?

  2. tarjei Says:

    Gode spørsmål. Eg prøver å svara i rekkjefølgje:

    Integrert eller ikkje-integrert er ikkje avgjerande for meg. Eg har vona entusiastisk på eit tekstbehandlingsprogram med god støtte for referansar i fleire år no. Visjonen er at det då kan verta meir robust og snappy enn eksterne løysinga a la Endnote og Zotero.

    Det eg likte med DevonThink, var at det var mi fyrste oppleving av eit program som var til hjelp for humanistisk, akademisk skriving. Tekstbehandlarar og sitatprogram er liksom ikkje anna enn program for å produsera “tekst på papir” (eller PDF). Ja, du får hjelp til å systematisera, navigera i og få oversyn over overskrifter og kjeldetilvisingar. Realistane bruker LaTeX fordi dei treng fine formlar, humanistane Word (eller OOo) fordi dei ikkje taklar kodar.

    Problemet med, eller skal eg seia avgrensinga i, til alle desse programma er at dei fokuserer på det endelege dokumentet. DevonThink, derimot, er ein flott stad å samla alt som ligg bak den teksten som vert produsert.

    • utdrag frå kjelder
    • utdrag frå litteratur
    • artiklar i tekst- og PDF-format
    • notat og skisser i tekstformat

    Indekserte søk (Windows Desktop Search eller Google Desktop) kan hjelpa med å finna att filer, men eg opplevde at det var lettare å finna at informasjon i DevonThink (dette skriv eigentleg Steven Berlin Johnson godt om). Kom eg over noko eg trudde kunne vera viktig (dei månadene eg brukte DT), kasta eg det berre inn i DT-basen. Databasen i Nota Bene (Orbis) hadde faktisk ein del sider som var enno betre enn DT, men eg vart som sagt aldri vener med det systemet. Og ikkje stør Orbis PDF, heller (trur eg), og det er jo viktigare og viktigare.

    Om DT kan rettferdiggjera eit byte til Mac, veit eg ikkje. Dersom eg skulle gått i gang med eit like stort prosjekt som hovudfagsoppgåva mi igjen (kanskje ein framtidig doktorgrad?) hadde DevonThink vore eit tungt argument for å gå attende til Mac.

    Du kan jo låna ein Mac og testa det ut (30-dagars trial er tilgjengeleg), men problemet er at det er eit program du må gifta deg med før magien kjem fram.

  3. tarjei Says:

    Attende til Nota Bene.

    Etter litt lesing fann eg ut at Nota Bene byggjer på eit gamalt tekstbehandlingssystem for MS-DOS – XyWrite. Det ser ut som om det er omtykt, særleg fordi det var svært tilpassingsvenleg. Denne arven har truleg skulda for at Unicode-støtta manglar, tastaturstøtta/språk-støtta er utruleg anakronistisk og rare kodar dukka opp over alt.

    Eg veit ikkje om det framleis er assembler-kode derifrå att i Nota Bene, men det skulle ikkje overraska meg.

  4. Digital Humanist » Ukens lenker Says:

    [...] Tarjei Vågstøl har på bloggen sin skrevet en god anmeldelse av to “alt-i-ett” programløsninger for studenter og forskere: Citavi og Nota Bene. Les også Vågstøls kommentarer om DevonThink under artikkelen, som visstnok er et et svært godt verktøy for macbrukere. [...]

Leave a Reply