Klatrarar
Eg veit, det var slik Natt og dag gjorde, men likevel:
1. Rosévin har openbert fått gjennombrotet i sumar. På dei tre siste middagsbesøka me har hatt, har gjestene hatt med seg ei flaske rosévin. I fall middagsgjestene les dette, vil eg påpeika eg er veldig glad i rosévin og at det neppe er noko som eignar seg betre på altanen ein varm sumarkveld. Spørsmålet: Kor varm? Bakpå ei flaske står det «kaldarare enn nokon annan vin», på ei anna «mellom 11-13 gradar» og på den tredje «14 gradar».
2. Eg er, som mange andre, biten av vinylfeber att. Eg har sett opp Rega Planar 2-spelaren min att (førebels ikkje heilt bra, men iallfall i vater: vegghylle neste!), og kosar meg med høgtida det er å spela svart gull. Om det lyder betre enn digital avspeling, veit eg ikkje. Eg har ikkje same innspelingane i båe formata.
Høgdepunktet var iallfall då eg var innom hifiasylet Stereofil, for å høyra om eg burde gjera noko med spelaren etter ti år. «Nei, eigentleg ikkje», var svaret. «Du kan skifta reim om nokre år». Eg har likevel lyst til å oppgradera motoren til siste utgåve og vurderer å byta pick-up. Både delar er reelle forbetringar (nyare utgåver av same spelaren har både «ny» motor og betre PU), og spelaren er jo i kategorien «fattigmanns-hifi», der enkle grep faktisk kastar betre ljod av seg. Men det er fantastisk å eiga ei teknisk innretning som ikkje går i stykker etter eit par år, slik mobiltelefonar gjer heile tida og iBook-en min gjorde etter berre to og eit halvt år.

