Science fiction-byen
Mormor var frå Oslo (eller, rettare, Østre Aker), men så lenge eg kan hugsa sa ho at «eg kjenner meg ikkje att i Oslo lenger» (ho flytte vel derifrå i 1950 eller -51, om eg ikkje reknar heilt feil). No har eg budd i Oslo i ni år, og det same held på å skje rundt meg.
Det siste nye er at dei har bestemt seg for å byggja om Oslo S og Postens brevsentral til nokre science fiction-monolittar. Store delar av Grønland er allereie tettbygd med «moderne» husvære (ca. åtte etasjar), og det er snakk om å gjera det same med resten. I tillegg kjem Operaen, og nybygga til Munch-museet og Deichmanske. Og det er berre i denne delen av sentrum (Oslo S/Grønland/Bjørvika).
Eg veit ikkje heilt kva eg meiner om alt dette. Eg liker nye og store bygg, men her nede i «nye sentrum» tykkjer eg at det vert litt trangt, planlaust, menneskefiendsleg og mange glas- og stålmonolittar. Dei nye bustadhusa ser ikkje så koselege ut, heller. Eg saknar ein stor park, eg. Ein skikkeleg park, ikkje berre ein grasplen og nokre tre. Slike parkar trengst, men me treng noko som tilsvarar Frognerparken – ein litt stilig, designa park.
Dessutan saknar eg ei nettside der eg kan få oversyn over alle dei nye utbyggingsprosjekta som er på gang og sjå dei i samanheng.
-
http://magnus.blogspot.com Magnus
-
http://www.vagstol.net Tarjei

