Little Brother
Etter det eg les på bloggen til Eirik Newth skal Samlaget gje ut Little Brother av Cory Doctorow på norsk. Dei har iallfall rettane til det.
Det er utruleg kult.
Det er altså ei slags ungdomsbok i «post-cyberpunk-SF»-tradisjonen om ungdom som bruker teknologi til å slå attende mot staten og overvakingssamfunnet. Dessutan er skjønnlitteraturen til Doctorow om lag like politisk som 1970-talsbøkene til Dag Solstad. Doctorow er kanskje aller mest kjend som EFF-aktivist og ein av lykelpersonane bak Boing Boing-bloggen.
Hurra.
juli 22nd, 2008 at 12:46
Oioioioioioioi!
Han må koma på lanseringa av boka då. Eg har alltid gått glipp av Docotorow når han har vore i Noreg.
juli 22nd, 2008 at 12:46
Og så heiter ikkje Eirik Newth rumpetroll til etternamn.
juli 22nd, 2008 at 13:04
Ups, fiksa. Vonar at Samlaget faktisk har tenkt å bruka rettane til denne boka, og får henne ut innan rimeleg tid. Me får sjå når haustlista kjem.
Det hadde vore veldig kult om Doctorow kom til Noreg. Eg vonar verkeleg Samlaget ser potensialet, og ikkje avskriv Little Brother som berre ei ungdomsbok. Dei fleste ungdomsbøker får ei vanvittig stemorsbehandling: lite publisitet, ufikse framsider og dårleg papirkvalitet.
Eg driv for tida lobbyverksemd for å få novella «Scroogled» på trykk her i landet.
juli 22nd, 2008 at 16:28
Godt du endra det, så ikkje folk ser at eg blanda salamander med rumpetroll.
juli 22nd, 2008 at 19:35
Jupp. Liten salamander, trur eg det er. Typisk tenkjefeil frå mi side, og takk for at du oppdaga det. Det er ikkje måte på kor mange gonger eg har vore “Vognstøylen”.
august 4th, 2008 at 01:41
Høyrer på boka no… Denne MÅ koma på norsk! Utruleg bra.
august 4th, 2008 at 08:09
Jupp. Men eg tenkjer at eg, som kjenner til det aller meste av teknologien som vart skildra, kanskje er vel positivt innstilt? Eg gler meg til å høyra kva “ikkje-teknikarar” tykkjer om boka.
Men det er ikkje heilt lett å kombinera “web-of-trust” med anonymitet. Det tykkjer eg kanskje at boka tok litt lett på?