Nye tider
Etter å kjapt ha lese gjennom haustlista til Samlaget, er det klart at dei ikkje har tenkt å gje ut Little Brother i år.
Eg trur at tidene har forandra seg. Hypen (eller kva du no kallar det) rundt boka er no, ikkje til neste år. Alle som har lese om boka på nettet, eller, for den del, lese sjølve boka der, vil jo ha henne no! Dei finn henne på engelsk hjå SF-pusharen sin, så då kjem dei til å kjøpa den engelske utgåva. Eg vart så glad då Samlaget viste seg å ha dei norske rettane, for eg såg føre meg at dei hadde fått inn noko som var litt i forkant. No har dei skusla bort den sjansen.
Fysj! Bokmarknaden er liksom global no om dagen, og med mindre eg skal ha noko som står i bokhylla på Narvesen eller berre finst på norsk, så er det jo nesten greiare å tinga på Amazon enn å organisera seg ein tur i bokhandelen.
august 21st, 2008 at 18:21
Hæ? Kva slags bok er dette? Har Samlaget rettane til å omsetja boka???
august 21st, 2008 at 18:22
Okei, no las eg innlegget under, så då fekk eg jo delvis svar … eg kan jo finna ut for deg om dei har tenkt å gje ut boka, og når. Kanskje det er ei vårbok:-)