Oppdatering
I fall nokon såg at bloggen min var “hacka” (altså, at tittelen var endra av nokon andre enn meg): No har eg endeleg teke meg på tak og oppdatert frå WordPress 2.3.3 til 2.6.2. Den nye utgåva av WordPress ser ålreit ut, sjølv om brukargrensesnittet er veldig “2006″ (masse AJAX og avrunda kantar). Det er uansett ikkje særleg viktig.
Sidan eg er så slapp med oppdatering av denne bloggen, vil eg dessutan seia:
Dei siste dagane har Dagbladet køyrt ei sak [1, 2] om at Cappelen har valt å nytta fvt/evt (i staden for f.Kr/e.Kr) i ei ny RLE-bok (RLE er det reformerte KRL-faget, som var det reformerte kristendomsfaget. Kanskje det liknar på det eminente faget “Livssyn”, eg veit ikkje). Saka kom først i DagenMagazinet, så eg lenkjer dit òg.
Ei rekkje politikarar stilte opp og fordømte. Piff.
Til denne saka vil eg melda:
- Eg har skrive fvt/evt i minst tjue år. Men så er eg òg vaksen opp ein aktivt sekulær heim. I tale trur eg at eg seier “før/etter null”.
- Helst ville eg gått inn for ei tidsrekning utan eit vilkårleg nullpunkt, men eg kan ikkje førestella meg korleis det skal gjerast.
- Altså, nullpunktet kjem til å vera der ei god stund frametter. Det er verdsfemnande, på same måten som amerikansk engelsk er det: Sjølv dei som har eit anna null-år, veit utmerka godt kva for år det er i “vår” tidsrekning.
- Sidan vi no har dette nullpunktet, tykkjer eg vi bør sekularisera det. Men eg ønskjer jo eit samfunn der religion er flytta heilt til privatsfæren og historietimane, og meiner det er ein uting at folk praktiserer religiøse ritual “utan å meina så mykje med det”.
- Hurra for Cappelen!
Evt/fvt har sjølvsagt ingenting med toleranse å gjera, det er medviten sekularisering.
september 20th, 2008 at 11:48
Eg diskuterte dette med ein prest nyleg. Eg tykkjer jødane har eit godt utgangspunkt, med å setja nullpunktet til at universet vart skapt. Det er vanskeleg å setja ein eksakt dato, sjølvsagt, men 14 mrd år er vel nokså ålment godteke. Så kan vi seia at vi er i år 14 000 000 2008 no, som i vanleg bruk vert avkorta til 2008.
september 20th, 2008 at 21:42
Hm. Eg er med på idéen, men eg tykkjer det er litt for enkelt.
Årsrekninga vår er uløyseleg knytt til jorda og solsystemet vårt. Eg tykkjer dimed at me bør setja år null til når jorda vart danna, ikkje universet. Det er vel 4.5 mrd år?
Men det er beint fram juks å seia at vi er i år “4.5 mrd + 2008″ no. Vi kunne jo lagt til eit kva slags som helst år (avhengig av tidsrekning) til 4.5 mrd og runda av like fint.
Dessutan, når vi skal snakka om år før vårt null-år, vert angjevinga di veldig lite praktisk.
oktober 5th, 2008 at 00:52
Men ved å nytta “etter vanleg tidsrekning” impliserer ein jo at andre tidsrekningar *ikkje* er vanlege, og dimed gjer ein den vestlege, kristne tidsrekninga til normen, og dei andre til avvikarar. Ikkje heilt problemfritt, det heller!
Fordelen med å seia “før og etter Kristus” er at då vert det i alle fall tydeleg kvar tidsrekninga vår kjem frå. So kan ein jo velja kva ein vil tru om denne mannen, men det vert ei anna sak.
oktober 7th, 2008 at 12:52
All kritisk diskursanalyse til sides: Det er ikkje slik at formuleringa “før/etter vanleg tidsrekning” gjer dette til noko særleg mykje meir norm enn det er i dag. Fakta på bakken. Dette er den vanlege tidsrekninga.
Vi kunne sjølvsagt sagt “etter år null i den gregorianske kalenderen”, dersom det var viktig å lata som hegemoniet ikkje er der.
Men dette er iallfall eit hegemoni eg tykkjer er ganske ufarleg, fordi alle slike null-år er vilkårlege. Og, som eg skreiv til Magnus, ein kalender utan null-år er utruleg lite praktisk, sjølv om vi seier at vi er i “rundt tal” + 2008 no.
Optimalt sett kunne eg tenkt meg ein kalender som sette null ved det fyrste året vi kan snakka nokolunde presist om (eit par-tre hundre år fvt?), slik at det var klart for alle at årstala bakover vert utruleg upresise på eitt eller anna punkt.
oktober 16th, 2008 at 02:06
Hurra for eit fornuftig innspel i ein teit debatt! Eg er heilt samd, og tykkjer det er underleg at ingen profilerte politikarar og/eller liknande har tort å gå ut og forsvara påfunnet til Cappelen.