Spor
I helga skjøna eg at eg kanskje er patologisk historikar.
Turen gjekk til loppemarknad på Tonsenhagen skule, der fangsten fyrst og fremst var kjøkenstolar av typen me har bestemt oss for å samla på, og eit lite skrivebord til gjesterommet/kontoret. Dessutan gjekk eg gjennom vinylkassene og tok med meg det meste som var av klassisk musikk.
Ein god del på DG, sjølvsagt. Men òg mykje russisk på Melodya og tyske RCA- og EMI-utgåver. Pussig. Det fekk meg til å lura på kven den førre eigaren var. Ingen samlar, tydelegvis, samlinga var for sprikande og lita til det, og alt var heller ikkje i beste stand. Resten av platene vitna òg om ganske brei musikksmak. Melodya-platene var sikkert kjøpte i Sovjetunionen, men kva med dei tyske platene? Var dei ferieminne, eller hadde førre eigaren budd i Tyskland og teke med seg platene hit? Var tyske pressingar vanlege i Noreg?