Strøtankar: Tarjei Vågstøl

Databasar og parallell-prosessering

with 2 comments

Eg har lese litt for lite om teknologi den siste tida, føler eg. Ikkje så rart. Men i dag ramla eg over ein artig, lett tilgjengeleg tekst av Robert X. Cringely om korleis databasar og parallell-prossessering faktisk ikkje er så lett å få til samstundes. Og kvifor det er viktig. Her.

Det minner meg om noko som eg diverre ikkje hugsar kven som sa. På norsk:

«Databasar er for dei som ikkje greier å byggja datastrukturane sine sjølv»

Elles gler eg meg til det vert haust og eg skal testa ut Ubuntu 8.10. Eg plar liksom prøva kvar utgåve av Ubuntu og konkludera med at «dette er saker», men finn kvar einaste gong ut at Windows kjem betre overeins med billig-laptopen min. Rett skal vera rett, i 8.04 var det ikkje så mykje som skilde lenger (ankepunkta plar vera straum- og viftestyring og svevn/dvale).

tarjei , 2008-10-08 10:38

Spalta Teknologi

  • http://www.velmont.net Odin Hørthe Omdal

    I Intrepid 8.10 fungerer no svevn skikkeleg-skikkeleg for meg. Fyrr måtte eg alltid trykkja på suspend-knappen, men no treng eg berre leggja maskini saman.

    Han vil ikkje gå i svevn viss Transmission køyrer, men det er berre av di Transmission Bittorrent Client trur han er so jysla viktug.

  • tarjei

    Eg har ingen suspend-knapp på Rema-laptopen min (HP G5050), men akkurat på dette punktet funka han faktisk heilt upåklageleg i 8.04. Akkurat like godt som WinXP på same maskina (og nesten like godt som iBook-en eg hadde før).

    No kan eg ikkje hugsa kvifor eg bytta tilbake til XP att, men eg trur noko av grunnen var så prosaisk som støy. Vifta på maskina ser ut til å gå stillare og sjeldnare der enn under Linux, og det var eit litt kritisk moment for meg.

    Eller kanskje det var fordi eg måtte køyra noka programvare. Det tvilar eg eigentleg på, for det er utruleg lite programvare eg må køyra for tida.