Framtida for nynorsk på nettet

Fyrste debatten sundagen på Dei nynorske mediedagane var ikkje nett veldig godt besøkt, men tok til gjengjeld opp eit interessant spørsmål: Kan dei store, riksdekkjande avisene kanskje prøva å ha litt nynorsk i nettavisene sine?

Svaret var om lag: Nei, ikkje i det redaksjonelle innhaldet. Men nettavisene (VG og Dagbladet) satsar på brukargenerert innhald, må vita, og om nokre år er nok berre 25 % av nettstadene deira redaksjonelle. Ikkje veldig oppmuntrande for nynorsken, men svaret vart gjeve så tydeleg at eg trur at det var eit oppriktig uttrykk for strategien til nett-tabloidane. Eg trur det er ein feil strategi, iallfall på lang sikt.

Planen er ganske klar: Med Web 2.0 eller kva det no heiter, vil folk bidra sjølve og samhandla på nettet, ikkje berre lesa statiske sider. Dersom nettavisene kan vera “forumet” dei gjer det i, kan avisene framleis dra inn klikk og sidevisingar, og halda seg med færre journalistar.

Eg skal vedgå at det fungerer litt slik i dag. Det er mengder av anonyme tullekommentarar etter kva einaste sak på dagbladet.no, og desse nettsamfunnene er visstnok populære. Folk (ja, eg òg) gaular til fjernsynet når det er “debattprogram”. Men heile planen er så 2002.

Ta fire nettsamfunn som har hatt schwung dei siste åra: Facebook, YouTube, det lause “nettet” av bloggar, RSS-feeds og tilrådingstenester (Digg, Delicious og slikt) og webforum. Dette er samfunn der brukarane har regien, der agenda ikkje vert satt av journalistar og redaktørar, der reklame og drit er halde til eit minimum og der brukarane kan kombinera masse støff frå ulike kjelder heile tida.

I ei slik verd er den viktigaste rolla til avisene å levera nyhendesaker, ikkje å vera der folk møtest på nettet. Heile autoriteten til avisene (og dimed marknadsgrunnlaget deira) kviler på om dei kan levera nyhende. Tekniske løysingar for samtale på nettet er det alltid nokon andre som vil gjera betre, og folk finn i stor grad fram til dei. Eg gjev blanke i om avisene har stor suksess med Internett-samfunn i dag. Det har dei sikkert, og det kjem dei sikkert til å ha i nokre år frametter òg. Men eg er sikker på at dei har valt å tevla på ein bane der dei ikkje kan vinna.

Eg kan sjølvsagt ikkje skjøna korleis avisene kan leva av å levera nyhende gratis på nett, men dei har openbert ikkje noko godt svar på det sjølve heller.

This entry was posted in Målsak, Teknologi and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>