Vel, dersom de lurer på kven i all verda som sender inn spørsmål til FAQ-sida til ein TV-serie, så er det altså meg.
Sider
Spalter
Twitter
Skrivarloftet Pratmakeri- Feltarbeid 2009-10-05
- Foreldrenerderi 2009-09-18
- Norske verdiar 2009-06-05
- 1. mai 2009-05-04
- Ekspedisjon 2009-05-04
Arkiv
- October 2009 (1)
- September 2009 (1)
- August 2009 (1)
- March 2009 (2)
- February 2009 (2)
- January 2009 (1)
- December 2008 (3)
- November 2008 (4)
- October 2008 (3)
- September 2008 (2)
- August 2008 (1)
- July 2008 (1)
- June 2008 (6)
- April 2008 (3)
- March 2008 (3)
- February 2008 (1)
- August 2007 (1)
- July 2007 (4)
- June 2007 (6)
- May 2007 (5)
- April 2007 (6)
- March 2007 (8)
- February 2007 (7)
- January 2007 (5)
- December 2006 (3)
- October 2006 (2)
- September 2006 (3)
- August 2006 (4)
- July 2006 (6)
Er du fornlyd med svaret?
Nei, eigentleg ikkje. Eg tykkjer svara var ganske tynne, men FAQen er neppe staden for debatt.
Det mest kritiske punktet er kvifor Hunter-gruppa skal arbeida med ei PST-sak, men utan å få vita kritisk viktig informasjon (det med “stedelig politmyndighet” tykkjer eg òg var tynt, men det får vera). For meg verkar det som eit grep for å trekkja opp den klassiske “Säpo vs. skikkeleg politi”-konflikten, som Jan Guillou mellom anna har skrive om lag ti bøker om. Men eg kan vanskeleg sjå kva det skikkelege politiet har med denne saka å gjera i det heile.
Svaret om livvakt tykkjer eg òg er tynt, sjølv om ho skulle arbeida for PST var jo openbert skotpremien på henne iallfall kjend i heile Europa (ein million euro, som han nordlendingen informerte om). Dessutan er det jo ikkje nett praktiske grunnar til å halda henne i “Hunter-gruppa”, heller.
Så, nei, eg er ikkje særleg nøgd med svaret.
Eg synst det er bra at du tek andsvar på denne måten Tarjei!
Takk skal du ha. Ja, eg tykte dette var eit viktig tema å setja under debatt.
Seriøst: Det er ikkje det at dette er så viktig. Dersom ein serie er verkeleg god, slik som Forbrydelsen (DR) og The Wire (HBO), har eg ingen problem med å godta at hovudpersonar vert lirka inn i handlinga på denne måten.
Problemet med Kodenavn Hunter er at serien ikkje er veldig god (replikkane er så dårlege at eg får reint vondt av skodespelarane), og (kanskje difor) fokuserer minutiøst på sånne polititekniske detaljar og framstellinga av hierarkiet innetter i politiet. Det er dette fokuset som gjer at eg heng meg sånt som eg spurde om.
Så vil eg gjerne poengtera hovudpoenget mitt ikkje er at Detektimen er dårleg, men at norsk krim og spaningsseriar tydelegvis er frykteleg vanskeleg å få til rett.