Jagarfly
Dei som er overraska over at regjeringa vel amerikanske JSF framføre svenske JAS Gripen, skjønar jommen mindre av det politiske spelet enn eg gjer på gode dagar. For å skryta på meg enno meir intuisjon, kan eg melda at eg heller ikkje er særleg overraska over at Ap godtok tenestedirektivet eller over at SV ikkje ser nokon grunn til å gå ut av regjeringa.
Alle desse vedtaka var så openberre at eg ikkje ein gong greier å mobilisera indignasjon. Ikkje ein gong over at alt dette skjer dagen før fødselsdagen min. Så gamal er eg altså vorten!
Men, trass kynismen min: Eg er litt irritert over korleis regjeringa argumenterer.
Det er sjølvsagt umogleg for menigmann oss sivile å vurdera kva for fly som er «best», eller for den del «gode nok». Difor vart eg litt interessert då eg såg at Forsvarsdepartementet har lagt ut rapportar som syner at det amerikanske flyet er best.
Grundige studium av rapporten kan ikkje avsløra særleg mykje meir enn det en fine grafikken til VG kan: det alle meste av sjølve grunnlaget for å bestemma seg for JSF-flya er gradert, men det har tydelegvis noko med stealth-eigenskapar å gjera, og Econ går god for at alt er fint. Altså, regjeringa kan fortelja at Forsvaret seier at berre JSF er godt nok. Å kjøpa fly som ikkje var «gode nok» er jo direkte idiotisk når ein først skal bruka 150 milliardar på krigsmaskineri.
Men korleis kan ein diskutera, eller etterprøva, den vurderinga som eigentleg ligg til grunn? Kva om JSF ikkje vert produsert, slik nokon har åtvara mot? Er dei svenske flya gode nok då?
Er det mogleg å kjøpa dei russiske flya i staden? Kvifor ikkje?
-
HD
-
Halling51
-
Megaforce

