Medlem av kultureliten

I dag, om lag tre år etter alle andre, er eg endeleg medlem av Underskog. Herregud, kor eg har gremma meg over å vera ekskludert frå heile det urbane kultur-elitemiljøet. No kan eg stå med rak rygg att.

Dessutan får Obama framleis ha mobil. Eg hadde uroa meg litt over dette., og er no letta. Sjølv om eg trur at journalisten i Aftenposten har gløymt at både sendar og mottakar må syta for at kommunikasjonen er sikker.

Men det hadde vore ein god idé å kryptera innhaldet i telefonminnet, slik ein del operativsystem kan kryptera swap-partisjonen. Finst det normale telefonar som gjer det?

This entry was posted in Teknologi, Ålment. Bookmark the permalink.

4 Responses to Medlem av kultureliten

  1. Eirik says:

    Er det ikkje ein grunnleggjande dum idé å gje president Obama tilgjenge til mobiltelefon når me veit kor usikkert slike kommunikasjonsmedium kan vera — er det ikkje best å gå for minst mogeleg risiko, til dømes ved at han får ein fasttelefon på pulten sin?

  2. Eirik says:

    og med «usikkert» meinte eg naturlegvis «usikre». det var ein test!

  3. tarjei says:

    Mjo.

    i denne historia har dei sjølvsagt blanda e-post og telefon veldig saman. Eg vert ofte overraska når eg les om politikarar, akademikarar og næringslivsleiarar som greier seg utan både det eine og det andre. Herregud, korleis greier dei det, tenkjer eg.

    Så kom eg til å tenkja på at døgeret berre har 24 timar, jamvel for Obama. Som president i USA har ein sjølvsagt tilgang til ein uavgrensa stab med folk som kan organisera alt – og henta all den informasjonen – som normale folk bruker tida si på å fiksa, med e-post og telefon.

    Så kva skal eigentleg Obama bruka mobilen sin til? Det einaste eg kan koma på er å senda “Hei snuppa, tenkjer på deg no” til kona. Alt det andre treng han neppe tenkja på. Han ville sikkert ikkje vita at han måtte skriva fem e-postar med formannen i burettslaget for å ordna ny nøkkel til kjellarbua, som eg har gjort i dag.

  4. tarjei says:

    Det er, av alle ting, noko eg trur kanskje McCain hadde takla betre, gamal militær som han er. Eg trur dei militære er vane med gje ordre og motta rapportar munnleg, og stola 100 % på å få all tilgjengeleg og relevant informasjon, og på at alle ordrar vert følgde.

    Moderne sivile bruker all denne teknologien for å sikra seg nok informasjon til å sleppa å stola på andre.

    Men, som sagt, eg trur det er bra for ekteskapet til Obama at han får ha mobilen sin. Dessutan: han må jo passa på imaget som techno-presidenten.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>